Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane.
 

Vi blir betre!

I god etablerarånd driv vi og utviklar nettstaden med mykje ny og nyttig funksjonalitet og innhald. I mellomtida vil det ikkje kome oppdateringar på desse sidene. Ny nettstad er klar i første kvartal 2012.
 
Hald deg oppdatert ved å følgje Driftig på Facebook.
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Siste artiklarSiste artiklar

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • Medieelevar med anti-mobbefilm

    Elevar ved Øyrane vidaregåande skule har laga film om mobbing - med kjendisar og fotballspelarar.

    - Bidraget er eit ledd i arbeidet mot mobbing, og er eit pedagogisk og fagleg produkt med innslag av intervju og dramatisering, meint å treffe ungdom gjennom sosiale media, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune.

    Laga av unge for unge

    Målet har vore å lage ein film som kan vere eit supplement i arbeidet mot mobbing i oppvekstsektoren. Elevane ved helsefagarbeid og mediefag på Øyrane vidaregåande skule, meinte at ein film laga av unge – for barn og unge – ville vere måten å gjere det på.

    Rikskjendisar og idrettsprofilar som Niklas Vindel (Paradise Hotel), Eirik Bakke (Sogndal Fotball) og Freddy dos Santos (Vålerenga) er nokre av dei som har vorte intervjua i filmen.

     

    - For å nå måla med filmen, fann vi ut at vi måtte tenkje stort, seier prosjektansvarleg Harald Wiken.

    Effektar & økonomisk støtte

    Som eit ledd i denne prosessen blei det òg trykt opp t-skjorter for 32 000 kr med “Følg med”-logoen, som blei delt ut til aktørane i filmen.

    Filmen hadde eit totalbudsjett på 46 000 kroner, og vart gjort mogleg å lage med støtte frå Vardar for Folkehelse, Førde kommune og Øyrane vidaregåande skule. Filmen vil bli brukt i arbeidet med folkehelse i fylkeskommunen.
     

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Framtidsfylket satsar på film
    Framtidsfylket satsar på film

    Samarbeidspartnarane bak Framtidsfylket har skjønt at skal dei nå ut med alt Sogn og Fjordane kan by på, må dei gjere det synleg - ved bruk av film.

  • Sjå den nye traineefilmen
    Sjå den nye traineefilmen

    Lurer du eigentleg på kva trainee-opplegget til Framtidsfylket dreier seg om? No kan du sjå og høyre svaret.

  • PR-film om Sunnfjord

    Sunnfjord er regionen i Sogn og Fjordane med vekst, trivsel og moglegheiter. Det er bodskapen i PR-filmen laga om Sunnfjord.

  • Bratt moro på YouTube

    Internett kan vere eit svært nyttig reiskap, om ein veit å bruke det rett.

    1 | 2 | 3     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 9 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by