DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

- Svara syner at dei viktigaste kriteria for å få folk til å flytte til Sogn og Fjordane, er høvet til å få seg relevant jobb og at fylket byr på gode oppvekst-vilkår for born, seier Anne van Oorschot. Ho er dagleg leiar i Framtidsfylket AS.
Flott natur – det største plusset
- Undersøkinga viser også at den flotte naturen er viktig for dei som trivst her, og for dei som ønskjer å flytte hit. Begge gruppene svarar at dette er den største styrken fylket har for å tiltrekkje seg tilflyttarar.
Kommunikasjonsbyrået Burson&Marsteller utførte omdømmeundersøkinga for Framtidsfylket AS.
217 personar busett i fylket og 376 utanfor fylket har svara på undersøkinga som vart sendt ut gjennom epost og sosiale medier.
Målet var å kartleggje desse viktige målgruppene, og å få innsikt i flyttevanane og avgjerande faktorar knytt til desse. Av dei som bur i Sogn og Fjordane er det heile 70,2 % som ikkje har flytteplanar, og blant dei som bur utanfor fylket er det heile 80 % som kunne tenkje seg å flytte til Sogn og Fjordane. Begge grupper trekkjer fram naturen som det største plusset.
Drøymer om livet på landet
- Dette stemmer også godt med ei undersøking Respons gjorde for Aftenposten nyleg. Der var konklusjonen at kvar tredje innbyggjar i Oslo drøymer om å flytte ut av hovudstaden og busetje seg på landsbygda, seier van Oorschot. - Vi kan tilby alt dette i Sogn og Fjordane, og tek med glede i mot dei som vil flytte hit.
Dei som ikkje bur i fylket er spurt om dei viktigaste karrieremessige grunnane for eventuelt å flytte til Sogn og Fjordane, og svarar «god balanse mellom jobb og fritid» og «at den perfekte jobben/stillinga dukkar opp». På den sosiale sida dreg dei fram «nærleik til vener og familie», «naturen» og «høve til å dyrke sport og friluftsliv» som viktige faktorar.
Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.
"Evaluering styrkar traineeordninga og knuser myter", skriv Distriktssenteret i pressemeldinga dei sende ut saman med ei evaluering av ordninga.
Samarbeidspartnarane bak Framtidsfylket har skjønt at skal dei nå ut med alt Sogn og Fjordane kan by på, må dei gjere det synleg - ved bruk av film.
To dagar mot slutten av september reiser rådgjevarar i skulen på kryss og tvers i fylket for å lære meir om næringslivet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |