Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Siste artiklarSiste artiklar

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • Framtidsfylket styrkar næringslivet

    - Traineeordninga er ein flott start på yrkeslivet, seier fleire av dei unge vaksne som var samla til treff i Sogndal. Spleiselaget bak Framtidsfylket fekk sjå konkrete resultat av satsinga.

    - Samlinga var hektisk, men svært vellukka, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot. Ho gjorde ein ny vri i år, og utfordra årets kull til å invitere alle traineeane opp gjennom åra, traineebedriftene og aksjonærane i Framtidsfylket. – Dei gjorde ein kjempejobb med planlegging og gjennomføring av det sosiale og faglege programmet, og fekk synt at dei taklar utfordingar svært godt, rosar Oorschot.

    Raskare start på karriere
    - Det beste med traneeordninga var at eg vart fort kjent med fylket, fekk møte andre høgt utdanna unge og fekk raskt eit godt innblikk i næringslivet. Det er langt meir spennande enn mange er klar over, meiner ein av traineeane. Det svaret, i tillegg til ord som ”kjekt, spennande og personleg utviklande”, er felles når mange av dei skal oppsummere året som er ein del av satsinga til Framtidsfylket.

    Med blikket vendt heimover
    - Eg reiste mykje meir i eige fylket som trainee, enn eg har gjort tidlegare. Og innsåg fort at eg ikkje kjende fylket mitt i det heile, seier Monica Lystad. Ho har halde fram med å arbeide ved SFE.
    - Eg har ein mastergrad i samfunnsgeografi, og hadde blikket vendt heimover. Då eg fekk sjansen på traineestilling i Høyanger Næringsutvikling, nølte eg ikkje, seier Synne Vefring. I dag har ho HNU som arbeidsplass. Traineeåret har gitt dei alle ei betre oversikt og eit nettverk spreidd over heile fylket.

    Lagbygging: Ingrid Sælensminde (Vestlandsforsking) kom seg godt gjennom utfordringane med dei fysiske aktivitetane - i samarbeid med dei andre traineeane på gruppa. (Foto: Oddrun Midtbø)

    Flygande start på karrieren
    - Eg hadde nok aldri våga å søkje som nyutdanna på ei stilling som forskar. Traineeordninga ga meg ein unik sjanse til å bli kjent med arbeidsplassen, seier Idun A. Husabø. Også ho er blitt verande i traineebedrifta Vestlandsforsking. Det same har Ingrid Sælensminde (bilete), som kom seg velberga gjennom løypa traineeane måtte for å styrke lagkjensla (bilete ovanfor).

    Begge dei unge høgt utdanna kvinnene er gode døme på at ordninga har gjort arbeidsplassen meir mangfaldige, og senka gjennomsnittsalderen på dei tilsette. Det har ført til at bedrifta er blitt styrka i kampen om dei høgt utdanna unge.

    - Kunnskap er nøkkelen
    - Vi håper denne type samling kan bli tradisjon, seier van Oorschot, som fekk god tilbakemelding frå dei tre ulike gruppene. Ho sette stor pris på å få besøk av Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ministeren er godt orientert om Framtidsfylket og dei utfordringane næringslivet har. – Det er viktig at næringslivet gjer seg interessant nok for skarpingane med høg utdanning, sa ho. – Då er Framtidsfylket og traineeordninga viktige grep, la ho til.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Ny og betre Framtidsfylket.no
    Ny og betre Framtidsfylket.no

    Rekrutteringsportalen Framtidsfylket.no er blitt ny og betre. Dette er portalen for deg som kan tenkje deg ei framtid i Sogn og Fjordane eller som er på jakt etter arbeidskraft.

  • Eit fylke for folk med ambisjonar
    Eit fylke for folk med ambisjonar

    Har du ambisjonar, er Sogn og Fjordane fylket for deg. Det er bodskapen i det nye magasinet som Framtidsfylket no gjev ut. Bladet kan du laste ned og lese her på Driftig.

  • PR-film om Sunnfjord

    Sunnfjord er regionen i Sogn og Fjordane med vekst, trivsel og moglegheiter. Det er bodskapen i PR-filmen laga om Sunnfjord.

  • Bratt moro på YouTube

    Internett kan vere eit svært nyttig reiskap, om ein veit å bruke det rett.

    1 | 2     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 5 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by