DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Det er næringslivet i fylket, saman med Framtidsfylket og Sogn og Fjordane fylkeskommune - som i desse dagar gir ut eit magasin som viser kva jobbmoglegheiter fylket har å by på. Det er ikkje lite!
Sogn og Fjordane har alltid orientert seg mot omverda. Verksemdene i fylket står for mykje av den nasjonale verdiskapinga og er ein viktig bidragsytar til norsk eksport.
Burde vekke interesse
Sogn og Fjordane har ei breidde i jobbtilbod og næringsliv som burde vekkja interessa hos ungdom og arbeidssøkjarar langt utanfor fylket sine grenser. For å visa at dei meinar alvor med påstanden har dei valt å presentera eit 20-tals unge menneske i spennane jobbar. Til saman speglar dei mangfaldet i den lokale arbeidsmarknaden.
Målet er at desse ungdomane skal framstå som gode rollemodellar, og inspirere elevane i den vidaregåande skulen til å gjera dei rette utdanningsvala og søkja seg jobb i fylket etter fullført utdanning.
Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.
"Evaluering styrkar traineeordninga og knuser myter", skriv Distriktssenteret i pressemeldinga dei sende ut saman med ei evaluering av ordninga.
Samarbeidspartnarane bak Framtidsfylket har skjønt at skal dei nå ut med alt Sogn og Fjordane kan by på, må dei gjere det synleg - ved bruk av film.
To dagar mot slutten av september reiser rådgjevarar i skulen på kryss og tvers i fylket for å lære meir om næringslivet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |