DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Framtidsfylket.no framstår i ny drakt med nytt innhald og ny teknologi. Portalen er slik blitt eit langt meir spennande verktøy for jobbsøkjing og rekruttering av nye tilsette. Den fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar og er i "familie" med Driftig.no.
På leit etter arbeidskraft
- Om du er på leit etter ei karriere i Sogn og Fjordane og loggar deg inn på framtidsfylket.no, så vil du bli møtt med nyheiter og informasjon basert på interessene dine, seier dagleg leiar Anne van Oorschot. Men ho legg til at det føreset at du som jobbsøkjar eller bedrift set av eit par minutt til å fylle ut eller oppdatere profilen din på nettstaden.
Viser fram Sogn og Fjordane
Den viktigaste funksjonen til nettstaden er å vise at ein kan få ei spennande karriere i Sogn og Fjordane, og å gjere det lettare for arbeidsgjevarar å rekruttere unge vaksne med høgare utdanning.
"Sogn-kva-for-noko?"
- Det er eit ganske stort ansvar å representere mange arbeidsgjevarar i fylket og på same tid betene krevjande kundar. Heile landet kjemper hardt for å tiltrekkje seg dyktige menneske. Derfor er vi nøydde til å vise oss fram på ein offensiv måte og vere profesjonelle, seier van Oorschot, som har fått erfare at mange ikkje ein gong veit kvar Sogn og Fjordane ligg.
- Dei som ikkje veit kvar fylket ligg, har som regel ikkje høyrt om næringslivet her heller. Så det er langt frå sjølvsagt at dyktige folk klarar å finne di bedrift akkurat på det tidspunktet du har ei ledig stilling.
Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.
"Evaluering styrkar traineeordninga og knuser myter", skriv Distriktssenteret i pressemeldinga dei sende ut saman med ei evaluering av ordninga.
Samarbeidspartnarane bak Framtidsfylket har skjønt at skal dei nå ut med alt Sogn og Fjordane kan by på, må dei gjere det synleg - ved bruk av film.
To dagar mot slutten av september reiser rådgjevarar i skulen på kryss og tvers i fylket for å lære meir om næringslivet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |