Les aktuelle bloggarar...

Innovasjon Norge, Patentstyret og Skatteetaten inviterer alle som arbeider med rettleiing av etablerarar i det offentlege og private rettleiarapparatet, til konferanse.
Skape ein nasjonal arena
Føremålet er å tilføre kompetanse og å bidra til nettverksbygging for etablerarrettleiarar. Arrangørane ønskjer å etablere ein nasjonal arena og ein møteplass for rettleiarapparatet, samstundes som førstelinjetenesta får kompetansepåfyll og stimulans, skriv dei i invitasjonen.
Programmet vil ha fokus på:
- Rettleiarrolla – organisering av rettleiarapparatet i by og land
- Verktøykasse for etablerarrettleiaren
- Regjeringa si satsing på entreprenørskap
- Ei suksesshistorie frå røynda
- Morgondagens entreprenørar – krav til framtidas etablerarrettleiarar.
Ta gjerne kontakt på telefon 76977435 (Kari Ann Nygård), 75007852 (Einhild Evensen) eller 75007814 (Signar Slåttøy).
To dagar mot slutten av september reiser rådgjevarar i skulen på kryss og tvers i fylket for å lære meir om næringslivet.
23 søkjarar får i desse dagar melding om at dei har fått plass på skuleleiarutdanninga.
Vil du bli ressursperson i arbeidet med å utvikle entreprenørskapshaldningar i skule og lokalsamfunn? Då er dette kurset for deg.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |