DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Dei er mellom 18 og 35 år og har alle delteke i kompetanseprogrammet Alkymisten.
Gode råd
Rett før nyttår var dei samla på Tansplant i Dale for å presentere prosjekta sine for siste gong - etter tre samlingar og mange gode råd frå rådgjevarar knytta til Innovasjon Norge.
Sterk utvikling
I salen sat m.a. Hjørdis Vik i Innovasjon Norge. Ho var imponert over skilnaden på mange av deltakarane frå første til siste gong dei skulle presentere produkta sine. - Nokre av dei har hatt ei enorm utvikling, sa ho.
Inspirasjon og glede
Deltakarane var like fornøgd. - Alkymisten har vore eit løft for oss som skal starte bedrifter. Opplegget, rådgjevarane og dei andre deltakarane har vore til stor inspirasjon og glede i denne perioden. Vi har fått eit nyttig nettverk for framtida. Det seier Anita Vinsrygg, ein av deltakarane.
Mange idear
Av ideane og planane var dei eit stort spenn frå innovativt fiskeutstyr til nettbasert timeregistrering, sal av kle over nett og pedagogisk opplæring av småbarn. Fleire var i gang med - eller skulle starte med - reiseliv og gardsturisme i ulike variantar. Ei startar som konsulent innan samfunnsansvar CSR Management.
Redaksjonell omtale
Les om Spesialpedagog Heidi Aabrekk på Sandane, som lærte den hjerneskadde sonen sin å lese før han var tre år. No vil ho lære opp andre. Firda.
Flora Næringshage og Sunnfjord 2020 er historie. No er det Fram Flora som gjeld! Les meir om den nye næringssatsinga i Sunnfjord.
Tobarnsmammaen sakna eit betre tilbod i bygda, og starta dermed eigen butikk kalla opp etter borna "Mia & Mats".
Er du nøgd med behandlinga frå Innovasjon Norge? Ikkje alle er det, og IN lover bot og betring.
Frå 1. mai er det ikkje eit krav at alle AS skal ha revisjon på reknskapet. Les meir, og finn ut om det gjeld ditt selskap.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |