DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Eksplosjon av AS etter lovendring

Frå 1. mai er det ikkje eit krav at alle AS skal ha revisjon på reknskapet. Les meir, og finn ut om det gjeld ditt selskap.

Rundt 137.000 små aksjeselskap fekk ei skikkeleg pakke då lova om fritak for revisjonsplikt for mindre selskap vart vedteken av Kongen i statsråd.

Færre NUF, fleire AS

I følgje nye tal frå kredittvurderingsselskapet Experian veks no talet på nyetableringar av AS i rekordfart, og talet på dei som vel NUF har falle kraftig. I februar/mars gjekk nye NUF-registreringar ned med ni prosent, medan talet på nyregistrerte AS vaks med 20 prosent.

Jublar på vegne av medlemar

- Dette stadfestar det Bedriftsforbundet heile tida har hevda; ei lette av revisjonsplikta er viktig for at norske aksjeselskap på nytt skal velje norsk registrering framfor registrering i utlandet, kommenterer administrerande direktør i Bedriftsforbundet, Tom Bolstad. - Endå betre effekt vil det ha om regjeringa i tillegg senker krava til aksjekapital.

Gjer det billegare å drive business

- Lovpålagt revisjon har hittil kosta 1,5 til 2 milliarder kroner kvart år for dei mindre bedriftene. Innsparinga ved frivillig revisjon går rett på botnlinja til dei bedriftene som ikje har behov for revisjon av reknskapa. No kan desse midlane i staden sikre inntening for bedriftene, skreiv NHO i ei pressemelding då planane frå regjeringa vart kjent.

Les meir om endringane som tok til å gjelde frå 1.mai.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Fram Flora

    Flora Næringshage og Sunnfjord 2020 er historie. No er det Fram Flora som gjeld! Les meir om den nye næringssatsinga i Sunnfjord.

  • Opnar klesbutikk i Årdal

    Tobarnsmammaen sakna eit betre tilbod i bygda, og starta dermed eigen butikk kalla opp etter borna "Mia & Mats".

  • Innovasjon Norge lover betre behandling
    Innovasjon Norge lover betre behandling

    Er du nøgd med behandlinga frå Innovasjon Norge? Ikkje alle er det, og IN lover bot og betring.

  • Eksplosjon av AS etter lovendring
    Eksplosjon av AS etter lovendring

    Frå 1. mai er det ikkje eit krav at alle AS skal ha revisjon på reknskapet. Les meir, og finn ut om det gjeld ditt selskap.

    1 | 2 | 3 | 4     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 14 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by