DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Smak av kysten er eit kulinarisk nettverk av spisestader som har ein vilje og evne til å satse på sjømat.
Styrke marine næringar
Programstyret for havbruk og fiskeri er oppretta som ein del av oppfølginga av fylkesplanen. Hovudmålet er auka verdiskaping innan dei marine næringane i fylket. Programstyret har 2,4 millionar kroner til rådvelde til dette arbeidet. Ein million av dette er øyremerkt Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar.
Spissa satsing på sjømat
”Smak av kysten” er eit prosjekt som har vart i tre år, og som i den første fasen har utvikla eit nasjonalt nettverk og eit kompetanseprogram for serveringsbedrifter som har ei spissa satsing på sjømat. Det er stiftelsen Norsk Sjømatsenter som står bak prosjektet. Målet med vidareutviklinga av prosjektet er å gje ei auka verdiskaping i heile verdikjeda, frå produsent til gjest. ”Smak av kysten” skal også bidra til at Vestlandet vert styrka som ein framtredande og attraktiv sjømat – og reiselivsdestinasjon.
Kraftstasjonen i Måløy
42 utvalde medlemsbedrifter ugjer nettverket som representerer gode spisestadar i vestlandsfylka og i Oslo. Alle bedriftene må sertifiserast for å bli med i prosjektet. Bedriftene må gjennomgå kurs i bruk av lokale råvarer, og skal ha kontinuerleg fokus på kvalitet. I Sogn og Fjordane er det i alt 9 bedrifter som er sertifiserte, der Kraftstasjonen Restaurant i Måløy er førebels den siste i rekkja. Dei vart innlemma i nettverket den 25.juni 2010.
Dette er summen Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane delte ut til bedrifter/personar i fylket.
Høgskulen i Sogn og Fjordane hamnar på topp i ei nasjonal evaluering av førskulelærarutdanninga.
Programstyret for havbruk og fiskeri har løyvd 600 000 kroner til vidareutvikling av prosjektet ”Smak av kysten”.
No står global lansering for døra for programvareselskapet Yast AS.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |