DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Fjord Invest investerer i Yast

No står global lansering for døra for programvareselskapet Yast AS.

Fjord Invest investerer i Yast AS gjennom fonda Fjord Invest SørVest AS og Fjord Invest Såkorn AS, skriv selskapet i ei pressemelding.


Yast AS er eit programvareselskap med hovudkontor i Sogndal. Selskapet har utvikla eit enkelt system for timelisteføring, som i dag har 6000 brukarar spreidd over heile verda. Løysinga er både web- og mobilbasert, og no står global lansering for døra.

- Godt utgangspunkt for å lukkast

– Yast har eit unikt nisjeprodukt som raskt og enkelt let seg distribuere til ein global marknadsplass, kombinert med eit sterkt og engasjert team. Det er eit godt utgangspunkt for å lukkast, og vi har difor valt å satse på denne bedrifta, seier Roger Flølo, partnar i Fjord Invest Management i pressemeldinga.

Breitt engasjement

– For gründerbedrifter som Yast er det særs viktig med tilgang på risikokapital, og vi er både stolte og glade for å få Fjord Invest med oss på eigarsida. I tillegg til vekstkapital, tilfører Fjord Invest oss forretningskompetanse og nettverk som er viktig for å nå dei måla vi har sett oss, seier Halvor Gregusson i Yast. Følg Yast-bloggen.

Han er også nøgd med at ei gruppe lokale investorar deltek i kapitalutvidinga, noko som er med på å skape eit breitt lokalt engasjement om verksemda.
Investeringa i Yast skjer i form av retta emisjonar mot Fjord Invest og andre private investorar. Fjord Invest vil etter emisjonen eige 18 prosent av Yast AS.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • 355 mill til næringslivet i 2010
    355 mill til næringslivet i 2010

    Dette er summen Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane delte ut til bedrifter/personar i fylket.

  • Toppkarakter til høgskulen
    Toppkarakter til høgskulen

    Høgskulen i Sogn og Fjordane hamnar på topp i ei nasjonal evaluering av førskulelærarutdanninga.

  • 600 000 kroner til "Smak av kysten"
    600 000 kroner til "Smak av kysten"
    600 000 kroner til "Smak av kysten"

    Programstyret for havbruk og fiskeri har løyvd 600 000 kroner til vidareutvikling av prosjektet ”Smak av kysten”.

  • Fjord Invest investerer i Yast
    Fjord Invest investerer i Yast

    No står global lansering for døra for programvareselskapet Yast AS.

    1 | 2     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 5 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by