DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har gjennomført ei grundig evaluering av alle dei 20 førskulelærarutdanningane i Noreg. Oppdraget fekk dei frå Kunnskapsdepartementet.
Grundig evaluering
Evalueringa har gått over nærare to år, og baserer seg på eit grundig materiale. Kvar institusjon har gjennomført sjølvevaluering, studentar og ferdig utdanna førskulelærarar har kome med sine vurderingar, i tillegg til styrarar og øvingslærarar i praksisbarnehagar.
Komité på besøk
Evalueringskomitéen har studert fagplanane, henta inn data om prestasjonane til studentane, vitja institusjonane og møtt studentar, lærarar og leiing.
God attest for HSF
”Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane står fram som ei stabil og god utdanning, som etter komiteens meining langt på veg har nådd sitt mål om å vere kompetent, aktiv og nær.”
- Dette er formuleringar som står i sterk kontrast til vurderinga av dei fleste andre institusjonane (universitet og høgskular) sine førskulelærarutdanningar, skriv HSF i pressemelding dei har sendt ut.
Les meir om NOKUT-evalueringa.
Dette er summen Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane delte ut til bedrifter/personar i fylket.
Høgskulen i Sogn og Fjordane hamnar på topp i ei nasjonal evaluering av førskulelærarutdanninga.
Programstyret for havbruk og fiskeri har løyvd 600 000 kroner til vidareutvikling av prosjektet ”Smak av kysten”.
No står global lansering for døra for programvareselskapet Yast AS.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |