Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Siste artiklarSiste artiklar

Brita om NM for ungdomsbedrifter 28.4.09
Brita om NM for ungdomsbedrifter 28.4.09

Brita Kirkeide (18) frå Jølster var i fjor media- og kommunikasjonselev på Mo og Jølster vgs. og var med i Gneist UB. Dei deltok på NM for ungdomsbedrifter i 2009. Her er hennar erfaringar...

"Norges-Mesterskap for ungdomsbedrifter eller Nasjonal Messe, det er ikkje til å verte klok på, er no avvikla og over.

Skulekvardagen er tilbake slik vi kjenner den på sitt beste; norsktentamen. Torsdag og fredag var Gneist UB, saman med Smak av havet UB frå Måløy vgs, på Gardermoen for å representere Sogn og Fjordane. Å få vere med å NM var ein kjempeoppleving, og det var veldig inspirerande å sjå alle dei andre bedriftene og deira standar. Nivået var absolutt like høgt som forventa, og alle var veldig gjennomførte i stilen.

Gneist UB skilte seg ut på nokre områder. Vi var jo 12 hippiar, elleve jenter og ein hippiegut, så vi måtte nesten rekne med å få nokre smådumme blikk når vi trakka gjennom korridorane på hotellet.

Sidan vi kom på 2.plass på fylkesmessa, deltok vi berre i nokre få klassar. Vi fekk ikkje med oss noko pris heim att, men ingen sure miner for det. Vi hadde jo ikkje venta å klare vinne noke på førekant, så vi reiste heim like blide og fornøgde som då vi kom. Det er stort nok for oss å i det heile tatt få kunne delta. Det var jo tross alt berre 3, 5 % av ungdomsbedriftene som klarte å komme seg til NM=)

Messa hadde fleire gode scene show, og inspirerande gründerar og flinke dansarar laga god stemning blant dei 80 deltakande ungdomsbedriftene som var samla. Torsdagskvelden fekk vi servert trerettars middag på banketten. Alle tok på seg finstasen og det var riktig så trivleg!:)

Alle i Gneist UB er einige om at dette var absolutt verdt turen og at messa både inspirerte og gav oss kjennskap til mange av dei flotte ungdomsbedriftene rundt omkring i vårt langstrekte land. Det at vi fekk prate med energiske ungdomar som verkeleg brann for eit produkt eller ein idè var veldig kjekt. Mange flinke seljarar som ikkje var redde for å ta tak i ein arm og dra vedkommande inn på standen sin. *respekt!*

 

For ein gjeng!:)"

 

Kommentarer

  • Who knows where to download XRumer 5.0 Palladium?
    Help, please. All recommend this program to effectively advertise on the Internet, this is the best program!

Legg til kommentar

Felter merket med fet tekst må fylles ut
 
Skriv inn sikkerhetskoden fra bildet under (forklaring)
captcha (n/a)
 
Er koden uleselig, klikk her for å lage en ny
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by