DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Idérikt bygdesamfunn?

I fjor var det Fjærland Bygdautval som fekk prisen som idérikt bygdesamfunn. Kan det vere di bygd som går til topps i år? Påmeldingsfrist: 1.november.

"Fjærland gjev rom for tilflyttarar og nye idear, og har vist seg som ei kreativ bygd i lang tid", meinte juryen då prisen for 2010 vart delt ut på fylkestinget i desember.

Heider, diplom og pengar

Også i år vil Sogn og Fjordane fylkeskommune dele ut pris til nyskapande og driftige bygdesamfunn. Prisen er eit diplom og 30 000 kroner. Fristen for å søkje eller føreslå kandidatar er 1. november.

Skal fremje bu- og tiltakslyst

Prisen for idérike bygdesamfunn vert gjeven til bygdesamfunn som gjennom idérikdom, samarbeid og målretta arbeid har utvikla eit godt bumiljø med trivsel for folk i alle aldrar og/eller spennande og attraktive tilbod innbyggjarane og tilreisande i bygdesamfunnet.

Framlegg til prisvinnar med grunngjeving og opplysningar om kandidaten skal sendast til
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Postboks 14
6801 Førde

eller på e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no


For meir informasjon, ta kontakt med
Randi Erdal
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
E-post: randi.erdal@fylkesmannen.no
Telefon: 57 64 30 73 / 476 42 589

Les meir om opplegget og få gode tips.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Tiltaksforum om folketalet
    Tiltaksforum om folketalet

    Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.

  • Idérikt bygdesamfunn?

    I fjor var det Fjærland Bygdautval som fekk prisen som idérikt bygdesamfunn. Kan det vere di bygd som går til topps i år? Påmeldingsfrist: 1.november.

  • Vestlandsk vidsyn på Voss
    Vestlandsk vidsyn på Voss

    Er du interessert i nyskaping og utvikling i distrikta, bør du sjekke ut dette arrangementet på Voss, 26. og 27. oktober.

  • Inspirasjon til omdømmearbeid
    Inspirasjon til omdømmearbeid

    Distriktssenteret har det siste året arbeidd mykje med å inspirere kommunar til å arbeide med omdømmet sitt. Erfaringane deler dei gjerne med alle.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 18 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by