DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Ny 4H-gard midt i Fosseheimen

Laurdag 15. mai opnar Fosseheimen Naturpark 4H-gard på Lyngstad i Viksdalen.

Vertskapet Karina Hetle Solheim og Ståle Hetle ser fram til at det skal myldre av aktivitetar på garden i tida framover. Dei er spente og forventningsfulle framfor den offisielle opninga av Fosseheimen Naturpark.


Hesten er ein av mange dyr besøkande kan møte på 4H-garden. Karina Hetle Solheim er glad for kvalitetstemplet dei har fått. (Foto: Fosseheimen Naturpark 4H-gard)


Allsidig opningsprogram

- Dei som kjem innom kan delta på aktivitetar som riding, konkurransar og leikar. Det blir òg underhaldning og minirevy. Og ikkje minst blir det avduking av bauta av ein bygda sine mest markante menn gjennom historia, smiler Karina Hetle Solheim.

To 4H-gardar i fylket

Fosseheimen Naturpark 4H-gard er den andre godkjente 4H-garden i Viksdalen og i fylket. - Det å bli godkjent som 4H-gard er eit kvalitetsstempel. Vi håper mange, både 4H-medlemar og andre, vil ta i bruk alle dei tilboda vi har. Vi har mykje å tilby både barnehagar, skular, familiar og turistar, fortel Ståle Hetle.

Ståle Hetle har funne mange måtar å livnære seg på med garden som plattform. (Foto: Fosseheimen Naturpark 4H-gard)Mange dyr og mystiske historier

- Vi har alle slags dyr som fanst på ein tradisjonell gard. Hestar, grisar, kveg, sauer, høner, kaniner, hundar og kattar. Du kan òg jakte, delta på hjortesafari, på guida turar eller fiske og padle i elva. Vi vil tilby opplæring i hundedressur, drive hundepensjonat og ha tilbod om riding og køyring med hest. Dessutan har garden og området interessante og mystiske historier rundt Isak Lyngstad og Hetlesaka.

Open gard heile sommaren

Dei to har tidlegare jobba med prosjektet ”Inn på tunet”, som var retta mot born. Dei legg vekt på at garden gir rekreasjonsmoglegheiter og opplevingar tett på naturen. Dei har nært samarbeid med Eldalstunet og med Fossestien, og har tatt del i eit prosjekt kalla ”På veg” i lag med Mo og Jølster Vidaregåande skule. Fosseheimen Naturpark har òg samarbeid med Jeger og Fiskeforeininga og med ein hundefórprodusenten.

Viktig med samarbeid & nettverk

- Samarbeid og nettverk er kjempeviktig for å komme vidare. Vi har mange støttespelarar i bygda, og ser og kjenner at Viksdalen er i fin utvikling, seier Karina Hetle Solheim.
Fosseheimen Naturpark 4H-gard er alt open for grupper som vil besøke garden. I sommar blir garden open kvar torsdag og andre dagar etter førespurnad.


For meir informasjon, ta kontakt med:
Karina Hetle Solheim: 41 54 06 34
Åge Avedal, 4H-konsulent: 57 72 32 49 / 97 07 27 34

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Tiltaksforum om folketalet
    Tiltaksforum om folketalet

    Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.

  • Idérikt bygdesamfunn?

    I fjor var det Fjærland Bygdautval som fekk prisen som idérikt bygdesamfunn. Kan det vere di bygd som går til topps i år? Påmeldingsfrist: 1.november.

  • Vestlandsk vidsyn på Voss
    Vestlandsk vidsyn på Voss

    Er du interessert i nyskaping og utvikling i distrikta, bør du sjekke ut dette arrangementet på Voss, 26. og 27. oktober.

  • Inspirasjon til omdømmearbeid
    Inspirasjon til omdømmearbeid

    Distriktssenteret har det siste året arbeidd mykje med å inspirere kommunar til å arbeide med omdømmet sitt. Erfaringane deler dei gjerne med alle.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 18 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by