DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Professor Jørgen Amdam heldt føredrag om samanhengen mellom folketal og balanse mellom arbeids-, bu- og levevilkår.
Positiv konkurranse er
viktig for auke i folketalet
Han peikte på to ting som er viktige for positiv folketalsutvikling:
1. Det er viktig å samarbeide om å samle regionar innan pendlarområde.
2. Det er også viktig med positiv konkurranse om å gjere det best mogeleg for eigne innbyggjarar i høve bustadmogelegheiter, infrastruktur og tenestetilbod.
– Det vert gode lokalsamfunn gjennom positiv konkurranse, slo han fast.
Arena for nettverksbygging
I tillegg fekk dei 50 deltakarane innføring i flyttemønstre historisk sett, samfunnsutviklinga og globaliseringa av næringslivet.
Tiltaksforum er eit nettverk for dei som arbeider med næringsutvikling i det offentlege i Sogn og Fjordane. Forumet har samling ein gong i året. Det skal vere ein arena for nettverksbygging, kompetanseoverføring og fagleg påfyll.
Programmet og presentasjonar frå forumet er tilgjengeleg på desse sidene.
Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.
I fjor var det Fjærland Bygdautval som fekk prisen som idérikt bygdesamfunn. Kan det vere di bygd som går til topps i år? Påmeldingsfrist: 1.november.
Er du interessert i nyskaping og utvikling i distrikta, bør du sjekke ut dette arrangementet på Voss, 26. og 27. oktober.
Distriktssenteret har det siste året arbeidd mykje med å inspirere kommunar til å arbeide med omdømmet sitt. Erfaringane deler dei gjerne med alle.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |