DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Tuftegarden 4H-gard har opna

Sogn og Fjordane har fått sin første offisielle 4H-gard; Tuftegarden 4H, i Viksdalen, Gaular kommune.

170 var med på opninga av Tuftegarden - den første 4H-garden i fylket. Foto: Åge Avedal, Sogn og Fjordane 4H

 

 

Laurdag 27. mars opna Tuftegarden 4H-gard i Viksdalen som den første i Sogn og Fjordane. Heile 170 var møtt fram for å feire opninga.

 

Optimistiske unge bønder

Linda Kristin Oppedal (37) og Rune Hoff (34) driv Tuftegarden som no har fått tilnamnet ”4H-gard”. Dei to unge bøndene var svært fornøgd etter opninga.

 

- Det er flott at så mange møtte fram! Eg håpar dette er ein forsmak på det som ventar oss når det gjeld besøkande på garden framover. Vi gledar oss til å setje i gang med enno fleire aktivitetar på garden, seier Linda Kristin Oppedal.

 

Mjølkekyr og kashmirgeiter

Tuftegarden 4H-gard driv tradisjonelt vestlandsk landbruk, der mjølkeproduksjon er den fremste inntektskjelda. På garden kan ein òg oppleve både kashmirgeit, høner og eit flott natur- og friluftsområde.

 

Den nyleg godkjente 4H-garden vil annonsere opne dagar og inviterer folk til å ta kontakt om dei ynskjer å besøke garden. Med tida vil det bli arrangert både gardskurs, leirar og friluftsopplevingar på land og i vatn.

Mest truleg får fylket sin andre 4H-gard alt i løpet av mai; Fosseheimen naturpark, i Viksdalen.

 

For meir informasjon, kontakt:

 

Linda Kristin Oppedal: 415 00 823

 


 

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Tiltaksforum om folketalet
    Tiltaksforum om folketalet

    Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.

  • Idérikt bygdesamfunn?

    I fjor var det Fjærland Bygdautval som fekk prisen som idérikt bygdesamfunn. Kan det vere di bygd som går til topps i år? Påmeldingsfrist: 1.november.

  • Vestlandsk vidsyn på Voss
    Vestlandsk vidsyn på Voss

    Er du interessert i nyskaping og utvikling i distrikta, bør du sjekke ut dette arrangementet på Voss, 26. og 27. oktober.

  • Inspirasjon til omdømmearbeid
    Inspirasjon til omdømmearbeid

    Distriktssenteret har det siste året arbeidd mykje med å inspirere kommunar til å arbeide med omdømmet sitt. Erfaringane deler dei gjerne med alle.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 18 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by