DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Utfordringar til bygdeungdom!

No skal bygdeungdomen bli meir stolte av heimbygda si og vite kva lokalmiljøet byr på. Men Sogn og Fjordane glimrar med sitt fråver!

Norges Bygdeungdomslag (NBU) har starta eit prosjekt som skal gjere bygdeungdom betre kjent med heimbygda si.

Kunnskap gir stoltheit

- Vi merker at ungdom er meir og meir likegyldige til kor dei kjem frå. Dette ønskjer vi å gjere noko med, seier Tor Odin Ekle, medlem av kulturnemnda til NBU. I eit intervju med Nationen 16. mars 2010, peiker han på at stoltheit til eigen heimstad er viktig for at ein skal sjå si eiga bygd som ein naturleg stad å slå seg ned. Klikk på biletet ovanfor, og du ser eit døme på korleis ein kan bli betre kjent med bygda si.

- Dette er vi stolt av!

I det nye NBU-prosjektet skal vi i tida framover leite opp særeigne og spesielle ting frå ulike stader i Norge. Det kan til dømes vere lokal overtru, mattradisjonar, lokale heltar, kjentfolk, forteljingar, kule attraksjonar, kulturminne, handarbeidsoppskrifter, festivalar, handverk, bakst, ølbrygging og mykje, mykje meir. Det er berre fantasien som set grenser.

- Vil du vere med?

Eit av måla med prosjektet er å lage eit hefte med mange gode døme på kva bygdeungdom er stolte av i sitt nærmiljø. Ekle satsar på at heftet vil bli ei populær julegåve til NBU-arar. Han oppmodar alle som har bidrag til heftet om å sende forslag inn til aktivitet@nbu.no

Nyttig organisasjon å vite om?

Prosjektet er finansiert med kulturmidlar frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjon, LNU. Ei side det kan vere smart å sjekke ut, dersom du har idear som du har lyst å realisere.

 

Ingen lokallag i Sogn og Fjordane!

Under arbeid med denne artikkelen oppdagar Driftig at Sogn og Fjordane ikkje har eige lokallag. Frå sentralt hald blir det opplyst at dei hadde sett stor pris på om det er nokon i fylket som er interessert i å dra i gang aktivitet, og etablere eit eige styre. Finst det nokon med initiativ der ute…? Utfordringa er hermed lansert.

Kontakt den hyggelege organisasjonskonsulenten Ida Marie Grimstad om du har spørsmål. 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Tiltaksforum om folketalet
    Tiltaksforum om folketalet

    Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.

  • Idérikt bygdesamfunn?

    I fjor var det Fjærland Bygdautval som fekk prisen som idérikt bygdesamfunn. Kan det vere di bygd som går til topps i år? Påmeldingsfrist: 1.november.

  • Vestlandsk vidsyn på Voss
    Vestlandsk vidsyn på Voss

    Er du interessert i nyskaping og utvikling i distrikta, bør du sjekke ut dette arrangementet på Voss, 26. og 27. oktober.

  • Inspirasjon til omdømmearbeid
    Inspirasjon til omdømmearbeid

    Distriktssenteret har det siste året arbeidd mykje med å inspirere kommunar til å arbeide med omdømmet sitt. Erfaringane deler dei gjerne med alle.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 18 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by