DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

28. februar starta designar og gründar Henny Staalnacke frå Stryn turné med Den kulturelle skulesekken. Ho vil ta elevane på mellomsteget i fem Nordfjord-kommunar med inn i arbeidsprosessar der alle får bruke sine kreative evner på nye måtar.
Turneen som har fått namnet ”Kreativ magi der tankane flyr…” startar i Vågsøy den 28.februar. Frå den 7. mars står Seljeskulane for tur, og deretter følgjer skulane i Eid og Hornindal. Siste skule på trunéen er elevane ved Tonning skule i Stryn.
Lat tankane flyge
Som formidlar i Den kulturelle skulesekken, vil Staalnacke motivere elevane til å ta i bruk sine kreative evner.
– Det umoglege blir mogleg når vi berre lar tankane flyge, meiner ho, og legg til at alle har evne til å skape, det er berre om å gjere å finne sine uttrykksformer og oppdage gleda ved å prøve noko nytt.
Enkle middel opnar for kreativitet
Staalnacke vil gi elevane ei lita innføring i kva fagfeltet design handlar om, og korleis idear kan oppstå. Elevane blir på førehand utfordra til å utforske dei mange ulike formene for design dei omgir seg med, og Staalnacke presenterer dei for ein del døme ho har med seg. Elevane skal óg få prøve seg som designarar. Papir, nokre gamle vekeblad, lim og handleposar i plast er alt som skal til for å skape ei kreativ økt.
Inspirerande for skulane
- Det blir spennande å sjå resultata. Kanskje blir det utvikla nye designprodukt i Nordfjordskulane denne våren? Uansett kan tilbodet vere ein inspirasjon for skulane til å knyte design til ulike fag. Matematikk er til dømes viktig når eit produkt skal teiknast med rett omkrins, breidde og høgd, seier ein spent koordinator for Den kulturelle skulesekkken, Margrethe Henden Aaraas.
Frilansarane Marit Bendz og Heidi Hattestein har i mange år følgt tett på Førdefestivalen. Det blir det fargerik og stemningsfull festivalbok av. Lansering 6.juli.
Gründar og designar, Henny Staalnacke, reiser i mars ut på turné med Den kulturelle skulesekken. Elevane på fem skular skal få ta del i kreativ magi i klasserommet.
Samarbeidspartnarane bak Framtidsfylket har skjønt at skal dei nå ut med alt Sogn og Fjordane kan by på, må dei gjere det synleg - ved bruk av film.
Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |