DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Dei satsar produkt og arbeidsinnsats til ein samla verdi av 2,5 millionar kroner for å gjere Design Stryn kjent. Målet med samarbeidet er å synleggjere kva som finst av lokal design og shoppingmulegheiter i Stryn. I Stryn finn du også det du treng frå idé til ferdig innreia hus og hytte.
Første del av samarbeidet vert presentert på Strynemessa 8. – 10. oktober. Då vil Design Stryn lansere ein felles stand. Standen er på 150m2 – med eit hus på 100m2. Den er imponerande 7 meter på det høgaste. Alt på standen er tilgjengeleg gjennom bedrifter i Stryn – frå design, sjølve bygget og interiør til kleda i huset.
Målet med utviklinga av sjølve standen er å skape ein arkitektur som vekker internasjonal merksemd, på høgde med det som vert vist på messer i Milano, Köln og Stockholm. Standen er utforma av Farmhouse - Norwegian Creative Center og vert bygd av lokale bedrifter i Stryn.

- Vi har kome fram til eit uttrykk og ei form som skal fremje og forsterke designaktørane i Stryn, seier dagleg leiar i Farmhouse, Gro Caroline Flølo.
- Inspirasjonen er henta frå den vakre naturen rundt oss, og gjenskapt i både utforminga av standen og den grafiske profilen. Vi kommuniserar med dette design på høgt nivå, kombinert med tradisjon og lokal tilhøyrsle, seier Flølo. Alt som kan sjåast på standen kan kjøpast i Stryn. Alt byggmateriell og interiør vert levert frå bedrifter i Stryn.
Sterk profilering av Stryn
Prosjektet er eigd av Fagre Stryn Aktivitetsselskap. Dagleg leiar Jørn Sønsterudbråten håper også at prosjektet kan vere med på å synleggjere at Stryn har mange arbeidsplassar for dei som er interessert i design og produktutvikling. Stryn er eit attraktivt bu - og handelsområde, med alt du treng lett tilgjengeleg. Prosjektet har også fokus på samarbeid og utvikling på tvers av bedriftene.
Desse aktørane er med:
Eksponerings- og grafiskdesign: Farmhouse-Norwegian Creative Center
Produksjon av reklamemateriell: Fluorlux, Nomek
Bygging og installasjon: Vestlandshus, Byggmakker, Byggtorget, Honndalshytta, HS bygg, Stryvo, Trekultur, PreTre, Kr. A. Vik, Øvreberg Installasjon, Stryn Elektro
Interiør: Sacco of Norway, Innvik Sellgren, Flis og Steinbutikken, Lunanor, Stryn Møbelindustri, Hagen, Tonning Møbelfabrikk, Dooria, Møbelringen, To Damer Interiør, Byggmakker, Kr. A. Vik, Byggtorget
Klede: Skogstad Sport, Ricco Vero, Moods of Norway
Støttespelarar: Stryn kommune, Stryn Vidaregåande skule, Stryn Næringshage
Sponsorar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebank1 Factoring, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Nordea, Stryn Energi
Frilansarane Marit Bendz og Heidi Hattestein har i mange år følgt tett på Førdefestivalen. Det blir det fargerik og stemningsfull festivalbok av. Lansering 6.juli.
Gründar og designar, Henny Staalnacke, reiser i mars ut på turné med Den kulturelle skulesekken. Elevane på fem skular skal få ta del i kreativ magi i klasserommet.
Samarbeidspartnarane bak Framtidsfylket har skjønt at skal dei nå ut med alt Sogn og Fjordane kan by på, må dei gjere det synleg - ved bruk av film.
Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |