Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane.
 

Vi blir betre!

I god etablerarånd driv vi og utviklar nettstaden med mykje ny og nyttig funksjonalitet og innhald. I mellomtida vil det ikkje kome oppdateringar på desse sidene. Ny nettstad er klar i første kvartal 2012.
 
Hald deg oppdatert ved å følgje Driftig på Facebook.
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Siste artiklarSiste artiklar

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • Designbruk auka  omsetnad i bedrifter
    Designbruk auka  omsetnad i bedrifter

    – Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.

    I sommmar deltok han og fleire andre bedrifter på Sommerdesignkontoret i Florø. Designprogrammet til Bedriftsforbundet og Innovasjon Norge får svært gode tilbakemeldingar i ei evaluering som er gjort av Rambøll Management. Heile 60 % av bedriftene har auka salet etter å ha teke del i designprogrammet og blitt meir marknadsorienterte.

    Designsatsing – meir enn pynt
    Gjennom designprogrammet har bedriftene satt design på dagsorden. Design har blitt integrert i strategiar og forretningsplanar. 60 % av bedriftene har auka salet etter å ha vore med i designprogrammet og 83 % av bedriftene i programmet har fått ein meir attraktiv grafisk profil.
    - Undersøkinga dokumenterer at å investere i design skapar verdi for både kunde og bedrift, seier Claus Gladyzak, designrådgjevar ved Innovasjon Norge.

    Vestnes Produkt – frå underleverandør til konseptutviklar
    Vestnes Produkt og Vestnes Innredning i Florø er to av verksemdene som deltok frå Sogn og Fjordane. Bedriftene produserer elektriske omnar og skipsinnreiing.
    - Tidlegare var vi underleverandørar av elektriske omnar og skipsinnreiing. No utviklar vi i mykje større grad totalkonsept for kunden, seier Bjørnset.

    Konkurrer med Austen
    - Vi konkurrerer med produsentar i Austen. Med eit godt design og tett samarbeid med kundane om produkttilpassing kan vi framleis vere konkurransedyktige, seier han.
    I sommar fekk Vestnes Produkt hjelp av studentane ved Sommardesignkontoret til å utvikle ny emballasje, og den er blitt godt teken imot av kundane.

    Gode resultat etter designsatsing
    Vestnes Produkt og Vestnes Innredning har hatt ein god vekst i omsetnaden seinare åra. Bjørnset trur at dei gode resultata skuldast satsing på design og marknadsretting. I 2008 var omsetninga 32 millionar kroner, medan den var heile 50 millionar i 2009. Omsetnaden i 2010 blir om lag 28 millionar kroner, grunna stillstand i verftsindustrien.
    – I 2010 har vi hatt ein del eksport, som er med og løfter resultatet, seier Bjørnset.

    Design inn i næringslivet
    Bedriftsforbundet, Innovasjon Noreg og Norsk Designråd har som mål å få fleire norske bedrifter til å bruke profesjonelle designarar i produktutviklinga og merkevarebygginga si. Innovasjon Noreg kan knyte kontakt med designarar innan industri-/produktdesign, visuell identitet, emballasjedesign og/eller interaksjonsdesign.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Skilting vekkjer internasjonal merksemd
    Skilting vekkjer internasjonal merksemd

    Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.

  • Satsa på design - fekk suksess
    Satsa på design - fekk suksess

    Lerum satsa på ny design - og fekk 55 prosent auke i salet og utmerking frå Norsk Designråd.

  • Springbrett til "motelandslaget"?
    Springbrett til "motelandslaget"?

    Bli med på "Springbrett" ein nasjonal konkurranse for motebransjen si unge skaparkraft. På same måte som sporten treng juniorarar, søkjer Farmhouse unge moteskaparar som etter kvart kan debutere på "motelandslaget".

  • Økodesignkonkurranse ”Urørt”
    Økodesignkonkurranse ”Urørt”

    Farmhouse Norwegian Creative Center og CSR-Management inviterer unge kreative over heile landet til å kome med forslag til produktkonsept i økodrakt – for merkevara Olden.

    1 | 2 | 3     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 11 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by