DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Skilting vekkjer internasjonal merksemd
Skilting vekkjer internasjonal merksemd

Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.

Den fargerike skiltinga i Storehagen Atrium har fått dekning i både norske og utanlandske media siste tida.

Ralston & Bau er ein del av Transplant/Design Centre, ein kreativ møteplass med sete i Dale i Sunnfjord.

Ny bruk av gamal metode

Skiltinga i bygninga der mellom anna deler av Sogn og Fjordane fylkeskommune held til, nyttar ein T-baneanalogi. Utforminga på skilta har store likskapar med måten dei ulike rutene i eit T-banenettverk er gjort. I Noreg har dette mellom blitt omtala i designseksjonen til Dagbladet i sundagsnummeret den 7. november. I bygninga har kvar etasje sin eigen farge. Etasjen til fylkeskommunen er merka med oransje.

Når ut til mange i internasjonalt miljø

Nyleg fekk òg skiltinga merksemd i det utanlandske designmagasinet Fast Company’s Co. Design, eit magasin med fire millionar treff per månad. Fast Company’s Co. Design skryt over fargemerkinga som oppfyller krav til universell utforming, ved at fargane er distinkte nok til at fargeblinde skal kunne sjå forskjell mellom dei.

"A government building you want to get lost in. But can´t", skriv dei på frontsida.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Designbruk auka  omsetnad i bedrifter
    Designbruk auka  omsetnad i bedrifter

    – Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.

  • Skilting vekkjer internasjonal merksemd
    Skilting vekkjer internasjonal merksemd

    Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.

  • Satsa på design - fekk suksess
    Satsa på design - fekk suksess

    Lerum satsa på ny design - og fekk 55 prosent auke i salet og utmerking frå Norsk Designråd.

  • Springbrett til "motelandslaget"?
    Springbrett til "motelandslaget"?

    Bli med på "Springbrett" ein nasjonal konkurranse for motebransjen si unge skaparkraft. På same måte som sporten treng juniorarar, søkjer Farmhouse unge moteskaparar som etter kvart kan debutere på "motelandslaget".

    1 | 2 | 3     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 12 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by