DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Springbrett til "motelandslaget"?
Springbrett til "motelandslaget"?

Bli med på "Springbrett" ein nasjonal konkurranse for motebransjen si unge skaparkraft. På same måte som sporten treng juniorarar, søkjer Farmhouse unge moteskaparar som etter kvart kan debutere på "motelandslaget".

Farmhouse- Norwegian Creative Center i samarbeid med Oslo Fashion Week lanserar Springbrett under moteveka i februar.

Ein utfordrande bransje

Design og kunstfag er dei yrka det blir utdanna fleire enn markedet i dag ettersøkjer. I framtida vil denne gruppa jobbsøkjarar kome til å utgjere ein stor andel arbeidsledige. Det er viktig å vere med i en startfase og hjelpe talenta opp og fram gjennom etablerte nettverk i bransjen. Norsk motebransje er avhengig av rekruttering og oppfølging av gryande moteskaparar for å skape morgendagens suksesshistoriar.

Fantastisk konsept

Ein allereie godt etablert designar, Simen Staalnacke frå Moods Of Norway seier om konkurransen:
- Moods of Norway synst dette er eit fantastisk konsept for å få fram nye designarar og hjelpe fram dei talenta som vi har og skapar i Norge. "Springbrett" er eit super dupert konsept som skapar kontakt mellom nye talenter og etablerte aktørar og næringslivet. Det er dette som må til om vi skal få til ein meir kommersiell og bærekraftig utvikling av designarar og designbedrifter.

Springbrett ut i marknaden

Springbrett konkurranse skal kartlegge det beste av ung norsk skaparkraft med fokus på motestudentar og/eller dei som avslutta studie for inntil 2 år sidan. Ein fagjury vil plukke ut ein eller fleire vinnarar som får vise sin kolleksjon ved Norges viktigaste motearena; OFW august 2010. Eit kompetanseteam av etablerarhjelp vil følge opp vinnarane i etterkant med mål om å vere springbrettet ut i marknaden for vinnarane.

- 2010 er pilotåret til Springbrett med målsetting om å bli eit årlig arrangement, seier dagleg leiar Gro Caroline Flølo ved Farmhouse Norwegian Creative Center. - No er det for talenta å søke, seier ho.

Lanseringsevent 18.februar 19-23 ved La Belle Sole i Oslo. 

For ytterligare informasjon, kontakt:
Farmhouse v/ Gro Caroline Flølo
E: gro@farmhouse.no
T: (+47) 41 43 42 74
www.farmhouse.no

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Designbruk auka  omsetnad i bedrifter
    Designbruk auka  omsetnad i bedrifter

    – Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.

  • Skilting vekkjer internasjonal merksemd
    Skilting vekkjer internasjonal merksemd

    Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.

  • Satsa på design - fekk suksess
    Satsa på design - fekk suksess

    Lerum satsa på ny design - og fekk 55 prosent auke i salet og utmerking frå Norsk Designråd.

  • Springbrett til "motelandslaget"?
    Springbrett til "motelandslaget"?

    Bli med på "Springbrett" ein nasjonal konkurranse for motebransjen si unge skaparkraft. På same måte som sporten treng juniorarar, søkjer Farmhouse unge moteskaparar som etter kvart kan debutere på "motelandslaget".

    1 | 2 | 3     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 12 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by