DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Spekkhoggaren Willy var utgangspunktet for utforminga av ein ny møbelserie for maritime miljø laga ved Florø-bedrifta Vestnes Innredning. Designet er laga av Ralston og Bau i Dale.
Brukarvennleg design
Dagleg leiar, Johnny Bjørnseth, seier til NRK Sogn og Fjordane at dei har lagt vekt på at innreiinga i lugarar og opphaldsrom skal vere vennleg for brukarane. Resultatet er sengar med slingrekantar, mjuke dører og avrunda former ved golvet.
Rosar designarane
- Satsinga på designet har vore vellukka, seier Bjørnseth og rosar designmiljøet på Transplant i Dale for jobben. Bedrifta skal no levere 6 båtar med Willy-innreiinga til bruk på hav over heile verda. Fargane er ulike, men felles er at dei er avstemt og tilpassa brukarane. Sjøfolk frå Filipinane vil t.d. ha sterke fargar. Europearane vil ha meir dempa fargar.
Sterkt designmiljø i fylket
Klaus Gladyszak er regional designrådgjevar i Innovasjon Norge for dei to fylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han er glad for at det er i ferd med å etablere seg eit sterkt designermiljø i Sogn og Fjordane. - Det er ein breidde her i fylket som er svært gledeleg, seier Gladyszak.
Design er ikkje kakepynt
- God design er eit viktig verkemiddel næringslivet bør vere oppteken av, seier Klaus. Han gler seg over at fleire og fleire skjønar at design ikkje er noko "kakepynt" som ein slenger på til slutt. - Dette er Vestnes Innredning eit godt døme på. Dei har klart å få fram noko særprega og unikt i ein tøff marknad, seier Gladyszak.
Innovasjon Norge bidreg til finansiering og rådgjeving i bedriftene sine prosjekt. Gladyszak kan treffast på tlf. 57 82 57 63 og
91 16 48 85.
Les meir om Vestnes Innredning
– Konkurranseevna er styrka etter at vi satsa på design i produktutviklinga, seier Jonny Bjørnset, administrerande direktør ved Vestnes Produkt og Vestnes Innredning.
Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.
Lerum satsa på ny design - og fekk 55 prosent auke i salet og utmerking frå Norsk Designråd.
Bli med på "Springbrett" ein nasjonal konkurranse for motebransjen si unge skaparkraft. På same måte som sporten treng juniorarar, søkjer Farmhouse unge moteskaparar som etter kvart kan debutere på "motelandslaget".
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |