DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Norske styre; flest møte, minst betalt og mest skeptiske
Norske styre; flest møte, minst betalt og mest skeptiske

Styrenestor Inge K. Hansen deler sine bekymringar for tilstanden til dei norske styra i ei undersøking. Står det verkeleg så dårleg til?

 

Ei undersøking frå Heidrick & Struggles syner at norske styre er dei styra som har flest styremøte i Europa. Norske styremedlemar får minst betalt, sit kortast tid og er skeptiske til å sleppe utlendingar inn i styra, skriv Ukeavisen Ledelse som siterer ein artikkel i Dagens Næringsliv.

I gjennomsnitt får norske styreleiarar og styremedlemar 288.000 kroner vervet, mot eit europeisk gjennomsnitt på 600.000 kroner. Undersøkinga er gjort blant 400 store europeiske børsnoterte selskap.

Dårleg med evaluering

Andre funn i den ferske undersøkinga, er at norske styre manglar breiddekompetanse samanlikna med europeiske styre. Styremedlemane sit i få styre, dugleiken til styra blir i liten grad evaluert og styra føretrekk å ta avgjersle i plenum framfor gjennom fagkomitear.

Skal utvikle og utfordre

Dei norske styra har i gjennomsnitt 14,2 styremøte årleg, mot 9,4 i resten av Europa. Styrenestor Inge K. Hansen er skeptisk at norske styre har flest møte i Europa.

Han seier til Dagens Næringsliv at faren med for mange styremøte er at det blir for mye fokus på kontrollaspektet. Oppgåva til styret er å kontrollere, men det skal også utvikle og utfordre administrasjonen.

- For mange styremøte kan også føre til ei rolleblanding mellom administrasjon og styre, meiner Hansen.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Nyttige videoar for styreintereserte
    Nyttige videoar for styreintereserte

    Her kan du velje og vrake mellom føredrag frå konferansen Stiftingstilsynet arrangerte tidlegare i år.

  • Mange tek for lett på styreverv
    Mange tek for lett på styreverv

    - Mange tek på seg styreverv utan å ha god nok kompetanse om det å vere medlem i eit AS-styre. Å ha eit slikt styreverv betyr eit stort ansvar, og nokre gonger går det svært galt, seier Tom Bolstad i Bedriftsforbundet.

  • Norske styre; flest møte, minst betalt og mest skeptiske
    Norske styre; flest møte, minst betalt og mest skeptiske
    Norske styre; flest møte, minst betalt og mest skeptiske

    Styrenestor Inge K. Hansen deler sine bekymringar for tilstanden til dei norske styra i ei undersøking. Står det verkeleg så dårleg til?

  • Pilene peiker oppover for 4H
    Pilene peiker oppover for 4H

    4H i fylket kan sjå attende på eit godt år, men slappar ikkje av av den grunn. Attvald leiar Kamilla Eirin Aamot frå Fjelltind 4H, har nye mål for 2011.

    1 | 2 | 3 | 4     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 16 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by