DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Nærmare 60 personar deltok på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane laurdag 5. mars. Det var eit aktivt årsmøte der utsendingane mellom anna såg tilbake på eit svært aktivt 4H-år i fylket og vedtok ny handlingsplan, skriv ungdomane i ei pressemelding.
- Styrka organisasjon
Kamilla Eirin Aamot (20) frå Stardalen i Jølster vart attvald som leiar. Med seg i styret får ho Camilla Sundal Laugerud (18) frå Kjølsdalen, Stine Mari Nytun Leirdal (18) frå Gaupne og Leiv Morten Nordgulen (39) frå Eivindvik. Som varamedlemer vart Kristoffer Førde (17) frå Vassenden, Livar Bergheim (26) frå Byrkjelo og Kim Andre Oppedal (17) frå Oppedal valde.
I talen til årsmøtet oppsummerte fylkesstyreleiaren Kamilla Eirin Aamot 2010 som eit godt år for 4H.
- Vi har auka medlemstalet, starta fire klubbar og vore på over 40 klubbesøk i året som gjekk. Vi har styrka organisasjonen på grasrotnivå, slo ein entusiastisk 4H-leiar fast.
Ambisiøs handlingsplan
Kamilla Eirin Aamot kom òg med nokre spørsmål til ettertanke under leiartalen.
- Er vi i 4H så opne som vi vil ha det til? Kor mange opne arrangement har klubbane hatt det siste året? Skal vi halde fram med å utvikle oss trur eg vi må ha endå fleire tilbod også for dei som ikkje er medlemer.
Årsmøtet vedtok òg ein ambisiøs handlingsplan for dei komande to åra. I denne står det mellom anna at fylket har som mål å starte minst åtte nye 4H-klubbar, auke medlemstalet, delta på minst 30 klubbesøk kvart år og auke deltakinga på fylkesarrangementa.
Årsmøtet vedtok tre uttalar, som vil bli sendt til media og styresmaktene: ”Lovbrot mot nynorskelevar”, om lærebøker på nynorsk, ”Trygt heim for ein 50-lapp” og ”Meir byråkrati, mindre aktivitet” og frivilligheitsregisteret og aukande byråkrati i frivillige organisasjonar.
Her kan du velje og vrake mellom føredrag frå konferansen Stiftingstilsynet arrangerte tidlegare i år.
- Mange tek på seg styreverv utan å ha god nok kompetanse om det å vere medlem i eit AS-styre. Å ha eit slikt styreverv betyr eit stort ansvar, og nokre gonger går det svært galt, seier Tom Bolstad i Bedriftsforbundet.
Styrenestor Inge K. Hansen deler sine bekymringar for tilstanden til dei norske styra i ei undersøking. Står det verkeleg så dårleg til?
4H i fylket kan sjå attende på eit godt år, men slappar ikkje av av den grunn. Attvald leiar Kamilla Eirin Aamot frå Fjelltind 4H, har nye mål for 2011.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |