Les aktuelle bloggarar...
- TEMPOSEMINARET er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane, og har opparbeidd eit ry som eit av dei beste inspirasjonsseminara i landet – det viser både tilbakemeldingar frå publikum og frå profilerte føredragshaldarar. Kring 400 deltek på Temposeminaret kvart år,, skriv primus motor bak arrangementet, Per Øyvind Helle.
Dette handlar seminaret om
- Temposeminaret handlar om vekst, utvikling, framtid, marknadsføring, kreativitet, hardt arbeid, erfaring, motivasjon, kommunikasjon og relasjonsbygging… kort sagt; suksessfaktorar i livet – og næringslivet. Finst det ei ”oppskrift” på kven som klarar seg best? Og kva ingrediensar må til i denne oppskrifta? Det har føredragshaldarar mykje erfaring med og meiningar om.
Kjendisar & prisutdeling
Jonas Ridderstråle, Harald Rønneberg, Anne Aasheim, Manuel Knight og Geir Haarde m/Geir Helljesen står på programmet. 10-års-jubileet blir feira med ein forrykande festkveld med Norges mest populære programleiarar som festleiarar; Thomas Numme og Harald Rønneberg. Den prestisjefylte og fylkesdekkende næringslivsprisen, Tempoprisen, blir delt ut av generalsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, under seminaret.
Tidlegare vinnarar av Tempoprisen:
• 2001 - Svein Inge Fosse, Kalvåg
• 2002 - Mercatus AS, Florø
• 2003 - Rune Økland, Florø
• 2004 - BB Gruppen
• 2005 - INC Gruppa og Havlandet Marin Yngel AS
• 2006 - Elis AS, Dale
• 2007 – Nomek AS, Stryn
• 2008 – Hellenes AS, Førde
• 2009 – PSWinCom/Ernst Strøm, Florø
Dei fem første åra vart prisen delt ut til personar, eller bedrifter i Flora og Bremanger, men frå 2006 er prisen utvida til å bli fylkesdekkande. Sparebanken Sogn og Fjordane er generalsponsor for prisen.
Under Vindkraftforum 2010 vart det klart at eit nasjonalt senter for utvikling og utdanning innafor installasjon, drift og vedlikehald av havmølleparkar skal ha adresse Måløy.
- Den beste nokon sinne, er dommen frå deltakarar og arrangørar etter fjerde året med karrieremesser i Oslo, Trondheim og Bergen.
I Oslo kom 180. I Trondheim kom 200 og i Bergen heile 550. Sjå bilde frå karrieremessene til Framtidsfylket...
Næringsbarometeret 2009 for Hordaland og Sogn og Fjordane gir grunn til gryande optimisme.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |