Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • Harald kjem til Temposeminaret

    Temposeminaret i Florø feirar ti-årsjubileum, og har mange sterke namn å lokke med.

    - TEMPOSEMINARET er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane, og har opparbeidd eit ry som eit av dei beste inspirasjonsseminara i landet – det viser både tilbakemeldingar frå publikum og frå profilerte føredragshaldarar. Kring 400 deltek på Temposeminaret kvart år,, skriv primus motor bak arrangementet, Per Øyvind Helle.

    Dette handlar seminaret om

    - Temposeminaret handlar om vekst, utvikling, framtid, marknadsføring, kreativitet, hardt arbeid, erfaring, motivasjon, kommunikasjon og relasjonsbygging… kort sagt; suksessfaktorar i livet – og næringslivet. Finst det ei ”oppskrift” på kven som klarar seg best? Og kva ingrediensar må til i denne oppskrifta? Det har føredragshaldarar mykje erfaring med og meiningar om.

    Kjendisar & prisutdeling

    Jonas Ridderstråle, Harald Rønneberg, Anne Aasheim, Manuel Knight og Geir Haarde m/Geir Helljesen står på programmet. 10-års-jubileet blir feira med ein forrykande festkveld med Norges mest populære programleiarar som festleiarar; Thomas Numme og Harald Rønneberg. Den prestisjefylte og fylkesdekkende næringslivsprisen, Tempoprisen, blir delt ut av generalsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, under seminaret.

    Tidlegare vinnarar av Tempoprisen:
    • 2001 - Svein Inge Fosse, Kalvåg
    • 2002 - Mercatus AS, Florø
    • 2003 - Rune Økland, Florø
    • 2004 - BB Gruppen
    • 2005 - INC Gruppa og Havlandet Marin Yngel AS
    • 2006 - Elis AS, Dale
    • 2007 – Nomek AS, Stryn
    • 2008 – Hellenes AS, Førde
    • 2009 – PSWinCom/Ernst Strøm, Florø
    Dei fem første åra vart prisen delt ut til personar, eller bedrifter i Flora og Bremanger, men frå 2006 er prisen utvida til å bli fylkesdekkande. Sparebanken Sogn og Fjordane er generalsponsor for prisen.

     

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Med naturarven som verdiskapar
    Med naturarven som verdiskapar

    Prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster er vald ut som eitt av seks nye prosjekt i Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet si store satsing "Naturarven som verdiskapar".

  • Framtidsfylket styrkar næringslivet
    Framtidsfylket styrkar næringslivet

    - Traineeordninga er ein flott start på yrkeslivet, seier fleire av dei unge vaksne som var samla til treff i Sogndal. Spleiselaget bak Framtidsfylket fekk sjå konkrete resultat av satsinga.

  • Når verda                     kjem til fylket
    Når verda                     kjem til fylket

    Førdefestivalen blir arrangert for 21. gong. Folka bak er dermed innehavarar av viktig kunnskap om korleis halde ved like entusiasme og pågangsmot etter mange års arbeid, unngå slitasje på medarbeidarar og dugnadsfolk.

  • Nye tankar om visittkort

    Visittkortet er undervurdert i høve marknadsføring. Men kanskje du er på leit etter noko anna enn eit ordinært visittkort i papir?

« Forrige     1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 5 til 8 av totalt 43 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by