DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Septik24 er eit forpliktande nettverk av fleire aksjeselskap organisert frå Stryn og er i dag ein av dei viktigaste aktørane innan slamtømming i Sør-Norge.
Til Polen
Nettverket Septik24 tilbyr i dag komplette løysingar på kommunaltekniske tenester til kundar. Dei samordnar aktiviteten og bidreg til utnytting av felles ressursar og infrastruktur, spesielt innanfor teknisk kapasitet, kompetanse, IT-system og administrasjon.
No er dei i ferd med å kartlegge potensialet for gode løysingar til nye EU land. 8 polske kommunar har allereie synt interesse for konseptet.
Fokus på miljø
Som følgje av EU-medlemskap er det no auka fokus på miljøvenlege metodar for slamhandtering i Polen, som med si befolkning på knappe 40 millonar også har store rurale områder.
Det er nettopp i områda utanfor byar og tettstadar Septik24 kjem til sin rett. Med assistanse frå Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og i Warszawa og Segel Polska i Szczecin, har Septik24 funne moglege interessentar på polsk side. Jan Erik Sandbakk er prosjektleiar for satsinga i Septik24
Eksportfylke
Næringslivet i Sogn og Fjordane står for ein betydeleg eksport og mange verksemder har dotterselskap i ulike delar av verda. For å få fleire små og mellomstore bedrifter i fylket til å satse internasjonalt, starta Innovasjon Norge i 2006 opp EXPO Sogn og Fjordane.
Målet er at dei bedriftene som er med i satsinga samla skal ha ein auke i eksportomsetninga med 30 prosent over ein periode på tre år.
Kurs i eksportdokument
Lurer du på kva som må til ved sal i ulike land, kva som er tolltariffen og kva vi risikerer når varer kryssar grensene? Innovasjon Norge arrangerer kurs i eksportdokument.
Meir om næringslivet i Sogn og Fjordane og på NHO Sogn og Fjordane si orientering om fylket.
Stryningane får det til; no har dei oppretta bedrift lokalisert i Kina - med hovudkontor i Stryn.
Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.
Sunnfjordingar lanserer operacruise for å lokke amerikanske turistar til Norge.
Norge er best i Norden når det gjeld finansiering av nye bedrifter, men hamnar på jumboplass i entreprenørskap.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |