DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Dei 13 bedriftene som har delteke på EXPO Prosess hadde ein auke i eksportomsetnaden frå 2006 til 2007 på 55%. Til samanlikning auka den totale eksporten frå Sogn og Fjordane med berre 1,1% frå 2006 til 2007.
Eksportfylke
Næringslivet i Sogn og Fjordane står for ein betydeleg eksport og mange verksemder har dotterselskap i ulike delar av verda.
For å få fleire små og mellomstore bedrifter i fylket til å satse internasjonalt, starta Innovasjon Norge i 2006 opp EXPO Sogn og Fjordane.
Målet er at dei bedriftene som er med i satsinga samla skal ha ein auke i eksportomsetninga med 30 prosent over ein periode på tre år.![]()
Kurs i eksportdokument
Lurer du på kva som må til ved sal i ulike land, kva som er tolltariffen og kva vi risikerer når varer kryssargrensene? Korleis handtere korrupsjon? Innovasjon Norge arrangerer kurs i eksportdokument.
Meir om næringslivet i Sogn og Fjordane og på NHO Sogn og Fjordane si orientering om fylket.
Stryningane får det til; no har dei oppretta bedrift lokalisert i Kina - med hovudkontor i Stryn.
Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.
Sunnfjordingar lanserer operacruise for å lokke amerikanske turistar til Norge.
Norge er best i Norden når det gjeld finansiering av nye bedrifter, men hamnar på jumboplass i entreprenørskap.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |