DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Vi har no fått ei svært spennande bedrift Guanxitrading i Stryn Næringshage, som kan vere interessant for andre gründerar som treng hjelp til å finne produsent av ulike produkt, skriv dagleg leiar i næringshagen, Helge Gjørven, i ein mail.
Produksjon i Kina
Guanxi Trading jobbar med å finne produsentar for prototypeutvikling og produksjon i Kina, i tillegg til å kunne kjøpe inn ferdige varer frå Kina i ulike kvantum. Bedrifta held til i Stryn og Shanghai (Kina), med hovudkontor i Stryn sentrum.
Dei unge gründarane, Lars Vegard Flo og Sigve Bø, er svært interesserte i å kome i kontakt med aktuelle samarbeidspartar i Sogn og Fjordane, til nytte for begge partar. Interessert? Ta kontakt.
Stryningane får det til; no har dei oppretta bedrift lokalisert i Kina - med hovudkontor i Stryn.
Ralston & Bau i Fjaler har fått boltre seg med kreativ skilting på eit nybygg i Førde. Det skaper overskrifter nasjonalt og internasjonalt.
Sunnfjordingar lanserer operacruise for å lokke amerikanske turistar til Norge.
Norge er best i Norden når det gjeld finansiering av nye bedrifter, men hamnar på jumboplass i entreprenørskap.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |