DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Desse er Teina barnehage på Breim i Gloppen, Sogndal studentbarnehage og Hafslo barnehage.
Kontaktpersonar er Britt Willumsen, styrar i Teina barnehage og Eivind Rogne ved Høgskulen, eivind.rogne@hisf.no tlf.nr. 57676045.
Dei tilsette i desse barnehagane var i fjor på kurs for å lære meir om REAL og entreprenørskap. Les meir om entreprenørskapskurset.

Sogndal Studentbarnehage
er eit tilbod til studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som har barn. Barnehagen er spesielt retta mot studentane sine behov. For mange er det ein stor overgang med flytting og det å bli kjend i eit heilt nytt miljø, for både vaksne og barn.
Gjennom Entreprenørskapsprosjektet i barnehagen - som er direkte retta mot studentforeldre - blir foreldre og born lettare intergrert i lokalmiljøet.
Barna i denne barnehagen driv kafé. Bakgrunnen er at det kjem mange studentar med barn som treng å bli kjend med Sogndal og få kjenningar.
Kva dreier entreprenørskap seg om og korleis arbeider tilsette med det i barnehagen?
Tre barnehagar driv entreprenørskap i Sogn og Fjordane
Barna i Teina barnehage driv eige hønseri og er den yngste elevbedrifta i landet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |