Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Siste artiklarSiste artiklar

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • Entreprenørskap i Sogndal studentbarnehage
    Entreprenørskap i Sogndal studentbarnehage

    Barna i denne barnehagen driv kafé. Bakgrunnen er at det kjem mange studentar med barn som treng å bli kjend med Sogndal og få kjenningar.

    Her er barna i full gang med å lage invitasjonsplakat til middag i barnehagen.

    Det er studentsamskipnaden som eig og driv barnehagen. Det er mange nye barn i barnehagen kvar haust, og mange av foreldrene har berre eit lite eller ingen nettverk når dei kjem til bygda.

    Behovet for å gje dei ein møteplass er stort - spesielt i oppstarten av eit barnehageåret. Kafé er svaret!

    Middag
    Dei eldste barna i barnehagen driftar ein kafé. Der serverast det middag, og enkel ”kaffemat”. Barna er med på heile prosessen, frå planlegging til gjennomføring.

    Barna lærer gjennom å delta i aktivitetar knytt opp mot entreprenørskap, som igjen er knytt opp mot dei 7 fagområda i rammeplanen.

     Lagar invitasjon
     Lagar, finner noko å pynta med
     Handlar maten
     Lagar maten
     Dekker på og pyntar avdelinga
     Tek inngangspengar
     

    Informasjonsfaldar
    I fortsettinga ønskjer Sogndal studentbarnehage å få produsert ein informasjonsfaldar, som visar tilbod og aktivitetar for og med barn i Sogndal Kommune. Dette blir jobben til dei eldste barna. Her skal dei:

     Ta bilde
     Velje ut bilde
     Redigere
     Vere med på eit trykkeri, og sjå trykkeriprosessen.
     

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Om entreprenørskap i barnehage
    Om entreprenørskap i barnehage

    Kva dreier entreprenørskap seg om og korleis arbeider tilsette med det i barnehagen?

  • Barnehagebedrifter

    Tre barnehagar driv entreprenørskap i Sogn og Fjordane

  • Barnehage med eiga bedrift
    Barnehage med eiga bedrift

    Barna i Teina barnehage driv eige hønseri og er den yngste elevbedrifta i landet.

Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by