Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane.
 

Vi blir betre!

I god etablerarånd driv vi og utviklar nettstaden med mykje ny og nyttig funksjonalitet og innhald. I mellomtida vil det ikkje kome oppdateringar på desse sidene. Ny nettstad er klar i første kvartal 2012.
 
Hald deg oppdatert ved å følgje Driftig på Facebook.
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Siste artiklarSiste artiklar

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

  • Finansiering

    Det er mange som vil vere med å finansiere nye bedrifter i Sogn og Fjordane, både offentlege og private. Under følgjer ei oversikt som kan vere nyttig for deg.


    KOMMUNALE NÆRINGSFOND

    Dersom du er nyetablerar eller ikkje har hatt kontakt med Innovasjon Norge før, bør du ta kontakt med det lokale næringsapparatet i kommunane. Dei disponerar eit lokalt næringsfond som skal nyttast til nyetableringar og mindre prosjekt.

    Finn kontaktperson i din kommune


    INNOVASJON NORGE

    Innvovasjon Norge har ei rekkje forskjellige finansieringsordningar. 

    Dersom du ønskjer å søkje Innovasjon Norge om finansiering bør du ta kontakt med Innovasjon Norge sitt kontor i fylket. Der vil du kunne få vite om prosjektet ditt er er aktuelt for finansiering  og kva du kan søkje om. Oversikt over tilsette ved kontoret og kva for bransjar dei har ansvar for.

    Her kan du starte prosessen med din søknad.

     
    ANNAN KAPITAL

    Fjord Invest: er eit investeringsmiljø i Førde som skal foreta aktive investeringar i såkorn- og vekstselskap. Fjord Invest forvaltar fire private eigenkapitalfond med ein totalkapital på ca NOK 400 mill.

    • Fjord Invest AS
    • Fjord Invest Såkorn AS
    • Fjord Invest Industri AS
    • Fjord Invest SørVest AS

     Sogn og Fjordane fondet:

    Målgruppa er gründerar og innovative verksemder i Sogn og Fjordane. Risikokapital. Kr. 50.000 -  150.000 kroner blir investert i innovative nyskapingsprosjekt som er heilt i startfasen. 

    Sparebanken Vests næringsstifting i Sogn og Fjordane:

    3 millionar kroner er sett av til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane skal gå til gode næringsidear i ein tidleg prosjektfase. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane handsamar søknadane.
     

     

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Støtte til tidlegfase

    Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.

  • Nyvekst-tilskot til Labvent
    Nyvekst-tilskot til Labvent

    Labvent i Gaular som vart etablert i 2008, leverer innreiingar til laboratorie. Bedrifta har fått driftstilskotet Nyvekst frå Innovasjon Norge for å dekke driftskostnader.

Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by