DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Nyvekst-tilskot til Labvent

Labvent i Gaular som vart etablert i 2008, leverer innreiingar til laboratorie. Bedrifta har fått driftstilskotet Nyvekst frå Innovasjon Norge for å dekke driftskostnader.

(Foto: Labvent)

Dei har utvikla eit avtrekksskap til laboratorium som bruker 40 % energi mindre enn andre skap.I 2009 fekk Labvent eit Nyvekst-tilskot frå Innovasjon Norge.

Tilskot til verksemder med vekstpotensiale
Nyvekst er eit relativt nytt verkemiddel, introdusert i 2008. Tilskotet er retta mot unge selskap; 1-5 år gamle med eit særskild vekstpotensial i både nasjonale og internasjonale marknader.


(Foto: Oddrun Midtbø)
- Verksemda skal ha vekstpotensiale og ha konkrete planar for utviklingsaktivitetar og prosjekt som skal realisere vekstpotensialet. Det er ein føresetnad at Innovasjon Norge sin medverknad er utløysande for at utviklingsaktivitetane blir gjennomført, seier Halvor Flatland, direktør ved Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.
Verkemiddelet er meint som eit langsiktig samarbeid over ein periode på to- tre år, men forpliktande løyvingar blir gitt for eit år om gongen.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Støtte til tidlegfase

    Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.

  • Nyvekst-tilskot til Labvent
    Nyvekst-tilskot til Labvent

    Labvent i Gaular som vart etablert i 2008, leverer innreiingar til laboratorie. Bedrifta har fått driftstilskotet Nyvekst frå Innovasjon Norge for å dekke driftskostnader.

Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by