DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
– Innovasjon er avgjerande for å oppretthalde produksjonen i Stryn. SkatteFUNN har vore eit viktig tiltak for å utvikle verksemda, seier Ingvar Hagen ved Hagen AS i Stryn i ein artikkel om SkatteFUNN på Innovasjon Norge sine sider.
Hagen AS produserer kvalitetstrapper og er ein av dei leiande produsentane av tretrapper i Europa.
Det siste tiåret har bedrifta tatt i bruk ny teknologi for å vere konkurransedyktige med lågkostlanda. Tredje generasjon har no tatt over roret i familiebedrifta. Dei satsar aktivt på innovasjon.

Ein søknad om SkatteFUNN føreset at bedrifta har klare mål for prosjektet. Hagen trur at denne prosessen kan vere med å gjere bedrifta meir medvitne sine vegval.
– Eg trur mange bedrifter vegrar seg for å nytte ordninga for det inneber masse papirarbeid og byråkrati. Erfaringa mi er at SkatteFUNN er ei enkel og effektiv støtteordning. Innovasjon Noreg har vore viktige i førebuinga av søknadane. Vi har fått tips om mulege samarbeidspartnarar og innspel til søknaden, seier Hagen.
Søknadsfrist: 1.september 2011. Les meir om SkatteFUNN.
Korleis vert folketalet her i fylket påverka av balansen mellom arbeid og bu- og levevilkår? Dette og mange fleire spørsmål stod på programmet då tiltaksforum var samla i Florø førre veke.
37 nye SkatteFUNN-prosjekt vart godkjend i Sogn og Fjordane i 2010.
Kunnskapsdepartementet lanserer ei ny nettside om forsking og innovasjon.
Norge er best i Norden når det gjeld finansiering av nye bedrifter, men hamnar på jumboplass i entreprenørskap.
Finanskrisa gjorde at mange bedrifter i fylket brukte meir tid og pengar på å utvikle produkta og satse på forsking og utdanning. Det viste Næringsbarometeret, som blei lagt fram i 2009.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |