DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Barnehage med eiga bedrift

Barna i Teina barnehage driv eige hønseri og er den yngste elevbedrifta i landet.

Det er ikkje enkelt å frakte ei høne i hus heilt åleine!Teina held til i jordbruksbygda Breim i Gloppen og ville jobbe med dyr. Det vart høner.

I Hønseriet er det ungane sjølve som fôrar, steller, plukkar egg, vaskar og tørkar dei, pakkar og sel.

Sjå innslag om Hønseriet i Teina barnehage laga av NRK Sogn og Fjordane og vist på Norge Rundt.

Unge forskarar

Dei forskar også på korleis egga ser ut. Kva mønster er det i dei? Korleis smakar egga? Alt som ein del av innhaldet i barnehagen.

Arbeidet er for barna ein del av leiken og gjennom det lærer dei om ansvar og omsorg for dyr. 

Real
Teina barnehage brukar REAL som verktøy og utviklar stadig nytt opplæringsmateriell til bruk i andre barnehagar.

Har du lyst å delta, kan du ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane ved Ivar Offerdahl. www.hisf.no  .

 Les meir om Teina Barnehageog om Real-metodikken

 

 

GULLKORN FRÅ BARNEMUNN I TEINA BARNEHAGE

God salsskikk
Det er salsdag og små og vaksne går igjennom "rutinane" for god salskikk!
I dag er det tre gutar som får ansvaret.
Britt: "Kva skal de seie når de leverer egg til dei som skal kjøpe?"
Gutane er litt usikre...
Britt: "Vææær.."
Bjørn-Inge strålar opp: "Vær hilset !"


Om slakting
Hønene vert sendt til "slakteriet" når dei er begynt å bli gamle, sånn ca. 1-1 1/2 år. Dei er i hønseriet og gjer reint etter at hønene er vekk.
Oda. "Ho besta kan ikkje ete meir is."
Annlaug: "Åh ? Kvifor ikkje det?"
Oda: "Nei ho vil ikkje ha så tjukk mage... Ho vil slakte seg litt."


Høna eller egget ?
Teina har besøk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. To karar er i hønsehuset ilag med tre barn. Den eine kjem i prat med Oda.
Dag: "Du kan vel mykje om egg du?"
Oda nikkar og fortel at egga er runde og spissen på egga må vende ned når dei skal pakkast i kartongar.
Dag: "Men du, kven var det som kom først, høna eller egget?"
Oda ser på han og sukkar: "Veit du ikkje det då? Det var høna!! Ho kom i lastebil"


 


 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

  • Rådgjevarar møter næringslivet
    Rådgjevarar møter næringslivet

    Rådgjevarane innafor karriererettleiing skal ut i felten, og lære meir om næringslivet i fylket. Fire turar er planlagt i haust.

  • Entreprenørskap i 75 år

    Kanskje har du ikkje tenkt på det, men 4H er eit prakteksempel på å dyrke fram entreprenørskapsånda i ungdomar; lære ved å gjere. No feirar organisasjonen 75 års jubileum.

  • Spennande arbeidsplass viktigare enn kaffelatte
    Spennande arbeidsplass viktigare enn kaffelatte

    Nye forskingsresultat frå NIBR og Agderforsking syner at det er i dei minste regionane innovasjonen skjer.

    1 | 2 | 3 | 4     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 15 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by