DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Ei rekke artistar og eit stort 4H-kor med 200 ungdomar frå 18 4H-klubbar tok publikum med storm på 4H si 75-års feiring på Operahuset Nordfjord onsdag 4. mai, skriv organisasjonen i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

”For med ei helse sterk, og flinke hender, så må vi synge fram til deg ei bønn. Og med eit hovud klårt og eit hjarte varmt - kjempar vi, for pengar til ein brønn!”
Skal byggje 44 brønnar
Slik laud det då 4H-arane entra scena på Operahuset på Eid med vakker korsong og ein klar bodskap: ”Vi skal forandre for andre”. Gjennom arrangementet ville dei feire 4H sitt jubileum og bidra til jubileumsaksjonen ”Hand of Hope”, der målet er å samle inn pengar til å byggje 44 brønnar i Sierra Leone, eit av verdas fattigaste land.
Magisk stemning
På det halvannan times lange programmet i kultursalen i Operahuset fekk publikum i tillegg til 4H-koret oppleve mange av 4H sine unge talent. Les meir på Sogn og Fjordane 4H.
På 4H-dagen 4. mai var det fleire jubileumsarrangement i fylket - og fleire er i vente. Over heile landet feirar 4H-arar i desse dagar 75-års jubileet til 4H og samlar inn pengar til Hand of Hope, som vil gje mange i Sierra Leone reint vatn og betre helse.
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
Rådgjevarane innafor karriererettleiing skal ut i felten, og lære meir om næringslivet i fylket. Fire turar er planlagt i haust.
Kanskje har du ikkje tenkt på det, men 4H er eit prakteksempel på å dyrke fram entreprenørskapsånda i ungdomar; lære ved å gjere. No feirar organisasjonen 75 års jubileum.
Nye forskingsresultat frå NIBR og Agderforsking syner at det er i dei minste regionane innovasjonen skjer.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |