DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Lær av Gloppen...
Det meiner Monica Brandsøy Lystad - som melde flytting til Sandane i september. Les bloggen til Monica her - på Framtidsfylket og lær nokre grep om korleis ein som kommune kan bli meir attraktiv for tilflyttarar.
... og Sunnfjord
15 minuttar etter at nyhendebrevet med denne meldinga vart sendt ut til dei som abonnerer, tikka denne responsen inn:

"Tenkte eg kunne informere om velkomsthelsinga Sunnfjord-kommunane deler ut til nytilflytta. Vi har samarbeidd om utvikling av ei velkomstmappe som vert sendt til alle nytilflytta husstandar kvart kvartal.
Innhaldet i mappene varierer i kommunane. Frå Jølster var innhaldet dette kvartalet:
- Velkomstbrev frå ordføraren
- Turguide, med merka fjellturar i heile kommunen
- JølstrAvis (kommunen si 8 siders infoavis, utgjeven kvart halvår)
- Speidarblokka, med kart over kommunen, skulerute, viktige telefonnummer m.m.
- Gåvekort på 1 månad gratis abonnement på avisene Firda og Firda Tidend
- Lister med kontaktinfo til alle lag og organisasjonar i kommunen
- Sunnfjord-brosjyra frå Reisemål Sunnfjord
Med vennleg helsing
Silja Juklestad, prosjektleiar Mobilisering og Tilbakeflytting"
Utfordrar fleire
Driftig er glad for respons, takkar Silja Juklestad, og utfordrar andre kommunar og folk i fylket til å kome med fleire gode tips til korleis ein på best mogeleg måte skal ta imot tilflyttarar.
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
Rådgjevarane innafor karriererettleiing skal ut i felten, og lære meir om næringslivet i fylket. Fire turar er planlagt i haust.
Kanskje har du ikkje tenkt på det, men 4H er eit prakteksempel på å dyrke fram entreprenørskapsånda i ungdomar; lære ved å gjere. No feirar organisasjonen 75 års jubileum.
Nye forskingsresultat frå NIBR og Agderforsking syner at det er i dei minste regionane innovasjonen skjer.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |