DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
1700 entusiastiske 4H-medlemar frå 16 ulike land fekk høgdepunktet for 2009 brått avslutta då det braut ut svineinfluensa på leiren i Gloppen. På nettsida til 4H står det å lese at det har vore flotte leiropplevingar, trass i svineinfluensaen.
Stor takk
Generalsekretær Astrid Solberg sende ein stor takk til alle som har lagt ned eit omfattande arbeid for leiren, og roser dei for innsats og engasjement. Uansett; alle involverte har fått nyttig erfaring i høve eventuelle framtidige arrangement.
Stolt sølvvinnar
- Eg er stolt og ikkje minst overraska over å få ei slik utmerking, sa Leiv Sølvberg etter at han hadde fått synleg prov på at innsatsen han har lagt ned i 4H er blitt lagt merke til. Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, overrekte medaljen under opningsseremonien til den nordiske leiren.
Aktiv sidan 1955
Sølvberg har vore aktiv i 4H sidan 1955, då han starta som medlem i Naustdal. Sidan 1969 har han, med eit kort avbrekk, vore tilsett i 4H. Først som 4H-instruktør i Vest-Agder, sidan som 4H-konsulent i Sogn og Fjordane. Han er no seniorkonsulent og arbeider på nasjonalt nivå i 4H Norge.
Driftig gratulerer Sølvberg med velfortent medalje!
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
Rådgjevarane innafor karriererettleiing skal ut i felten, og lære meir om næringslivet i fylket. Fire turar er planlagt i haust.
Kanskje har du ikkje tenkt på det, men 4H er eit prakteksempel på å dyrke fram entreprenørskapsånda i ungdomar; lære ved å gjere. No feirar organisasjonen 75 års jubileum.
Nye forskingsresultat frå NIBR og Agderforsking syner at det er i dei minste regionane innovasjonen skjer.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |