DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Lærer om eige lokalsamfunn

Unge i Naustdal lærer entreprenørskap og nyskaping gjennom å finne ut korleis alt fungerer i lokalsamfunnet.

Naustdal barne- og ungdomsskule er modellskule for entreprenørskap i 1-4 klasse. Her lærer unge naustedøler entreprenørskap og nyskaping gjennom prosjekt som Kardemommebygd og Parkens By.

Barn skapar eigne arbeidsplassar

Primus Motor er lærar Jørn Helgheim, som også er prosjektleiar for Ungt entreprenørskap. Han ser det som viktig at elevane får kunnskap om korleis lokalsamfunnet fungerer og korleis ein kan skape sin eigen arbeidsplass.Jørn Helgheim

Hjelper andre

Helgheim stiller gjerne opp og hjelper andre skular i gang med tilsvarande prosjekt.
- Så langt har vi etablert kontakt med skular i Florø og Førde, men vi ser gjerne at fleire hiver seg frampå. Dette er gøy og lærerikt for alle partar, seier Helgheim, som har jobba tett med Eivind Rogne og Ivar Offerdal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Verktøyet dei brukar er REAL, som Offerdal henta frå sørstatane i USA i 2003. Les om REAL.

Parkens By

Med 30 "naustdalar" i handa kunne dei yngste elevane ved skulen handle på marknaden i Parkens By. Elevane hadde på førehand konkurrert om å lage den beste byen.

Deretter samla dei seg om å bygge opp og utvikle bedriftene i byen. Der var alt frå såperi, kafe, smykkeverkstad, neglesalong og tinnverkstad. Pengane (naustdalarane) lånte dei i banken av ein svært så myndig banksjef. - Veldig travelt det her, sa Andreas Apelseth i det han delte ut pengar og noterte i boka.

Ved sidan av sat to elevar som fungerte som kommuneadministrasjon. Dei godkjende og delte ut driftsløyve. Ei av bedriftene hadde fått bot for å rope til kundane. Slikt går ikkje dersom ein skal drive skikkeleg! 

 Kø i banken i Parkens By (Naustdal)


 

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

  • Rådgjevarar møter næringslivet
    Rådgjevarar møter næringslivet

    Rådgjevarane innafor karriererettleiing skal ut i felten, og lære meir om næringslivet i fylket. Fire turar er planlagt i haust.

  • Entreprenørskap i 75 år

    Kanskje har du ikkje tenkt på det, men 4H er eit prakteksempel på å dyrke fram entreprenørskapsånda i ungdomar; lære ved å gjere. No feirar organisasjonen 75 års jubileum.

  • Spennande arbeidsplass viktigare enn kaffelatte
    Spennande arbeidsplass viktigare enn kaffelatte

    Nye forskingsresultat frå NIBR og Agderforsking syner at det er i dei minste regionane innovasjonen skjer.

    1 | 2 | 3 | 4     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 15 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by