DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Satsing i Måløy og Fjaler gir optimisme
Satsing i Måløy og Fjaler gir optimisme

Det er høg aktivitet langs kysten. Den maritime satsinga i Vågsøy skapar ny optimisme. Også på Lutelandet i Fjaler kan det bli 60 nye arbeidsplassar i løpet av dei neste to åra.

 

Det er planer om storindustri på Lutelandet i Fjaler. Investorar vil bygge eit anlegg til 1 milliard kroner. Tor Gjertsen, adm.dir i Lutelandet offshore as, seier dei skal yte tenester til kraft og oljeindustrien med vindmøller, vedlikehald av skip, bore- og oljeriggar.

- Dette er utan tvil det mest konkrete vi har vore borte i, seier ein optimistisk ordførar, Arve Helle, til NRK Sogn og Fjordane

Sjå NRK-reportasje frå Lutelandet   

Maritime Måløy

Ei av dei sterkaste næringane i Vågsøy er den maritime næringa. Her er kompetansen høg frå teiknebrett til ferdigstilling av nybygg. Utvalet spenner frå konstruksjonsingeniørar, verkstader, spesialiserte underleverandørar og 3D-kompetanse. Nye bedrifter skyt fart i eit unikt maritimt næringsparkmiljø.

Nytt tankanlegg

Ei av bedriftene er Stadt Towing Tank as som nyleg feira med offisiell opning av det 182 meter lange tankanlegget. Her skal rederi og båtbyggarar kunne teste ut ulike båtmodellar. - Dette skapar optimisme og ei ny tru på satsing i distrikta, seier ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden.

Sjå anlegget i  NRK-reportasje frå opninga av Stadt Towing Tank

 

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Næringsbarometeret 2011

    Det meste peikar oppover for næringslivet i Sogn og Fjordane og Hordaland. Les det 18 sider store dokumentet som skildrar næringslivet i dei to fylka.

  • Tankar frå ein operabonde
    Tankar frå ein operabonde

    ”Er det plass for et slikt mangfold i det norske bygde-regelverket, eller må vi til slutt gjøre et valg?”

  • Surfesesongen starta på Stadt
    Surfesesongen starta på Stadt

    Lapoint Surfcamp starta sesongen med fullt hus i påska 2010. Dei utviklar bedrifta med nye aktivitetar.

  • IT-forum inspirert av USA

    Apple. Stanford. Las Vegas. IT-forum i Sogn og Fjordane valde å legge årets studietur til San Francisco og Las Vegas. 16 deltakarar frå styresmakter, bedrifter og offentlege verksemder i fylket fekk ny kunnskap om korleis drive på ein betre måte.

    1 | 2 | 3     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 9 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by