DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Siste sakerSiste saker

Du er her:

Sindre Kvalheim vart årets gründer

- Det å vere gründer i Sogn og Fjordane er heilt fantastisk, kvitterte prisvinnaren då han fekk prisen under fylkestinget tysdag 14.desember.

- Ein får ikkje berre vere gründer første året, men kvar dag og heile tida, sa Kvalheim då han mottok prisen, som er på 30.000 kroner.

Godt førebilete for gründerspirer

- Sindre Kvalheim har synt at det er fullt mogeleg for IT – gründerar å lukkast og halde fokus på vidareutvikling gjennom framtidsretta satsingar også i distrikta. Denne unge gründeren er såleis eit framifrå førebilete for gründerspirer i Sogn og Fjordane, sa Kjartan Longva under utdelinga. 

Kommersiell innretning gir fleire arbeidsplassar

Kvalheim er gründeren av verksemda Local Host som er totalleverandør av IT, med fokus på datalagring. Dette inneber at LokalHost overfører kunden sine data og programvarer til eigne serverar. Kunden har dermed ikkje behov for fysiske installasjonar som harddisk eller serverar, og vil kunne hente ut data enkelt ved å logge seg på LocalHost sitt nettverk eller internett. Kunden betalar fast pris i månaden for tjenesta, og treng ikkje tenke på fysisk lagringsstad, vedlikehald eller oppdatering av programvarer. Denne kommersielle innretninga av produktet har ført til god omsetnad og fleire arbeidsplassar i bedrifta, noko som er med på å gi positive ringverknader i lokalsamfunnet i Måløy.

Rosar fylket

Kvalheim har ved fleire høve skrytt av gode støttespelarar og investorar som var med på å gjere valet om å flytte attende til heimkommunen og starte bedrift enkelt.
Du kan lese meir frå prisutdelinga på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettsider.

  • Abelia-topp imponert over Nordfjord
    Abelia-topp imponert over Nordfjord

    - Samspel og attraktivitet er viktige nøkkelord for å skape innovative bedrifter, sa Paul Chaffey då han besøkte fylket.

  • Studerer miljøet på Campus
    Studerer miljøet på Campus

    Korleis kan ein skape meir vekst i fylket og få fleire kunnskapsplassar?

  • Film om Stad skipstunnel

    Nordwest 3D i Måløy er eit firma ein skal vere obs på. Dei er flinke med ulike presentasjonar, som denne ferske frå Stad skipstunnel.

  • Snøleik frå fylket i USA Today
    Snøleik frå fylket i USA Today

    Transplant-gjengen har heile verda som arbeidsplass, og får overskrifter i amerikanske medier.

  • Sindre Kvalheim vart årets gründer
    Sindre Kvalheim vart årets gründer

    - Det å vere gründer i Sogn og Fjordane er heilt fantastisk, kvitterte prisvinnaren då han fekk prisen under fylkestinget tysdag 14.desember.

    1 | 2     Neste »
Viser fra 1 til 5 av totalt 7 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by