DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Siste sakerSiste saker

Du er her:

Studerer miljøet på Campus

Korleis kan ein skape meir vekst i fylket og få fleire kunnskapsplassar?

Tidlegare i sommar løyvde Hovudutval for plan og næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune 100.000 kroner til ei forstudie om korleis det skal vere mogeleg å nå målet om betre samarbeid, kanskje i form av eit eige forum og prosjektstilling.

Mykje å hente

”Fosshaugane Campus er eit kompetansesenter med enormt potensiale for fokus på kunnskapsbasert næringsliv. Eit bindeledd mellom høgskulen, vidaregåande skule, Vestlandsforsking og næringsliv er viktig, med eit hovudmål å få fleire kunnskapsbaserte stillingar og få ein større del elevar til å bli i fylket etter utdanning, heiter det i søknaden frå Sogn Næring.
Dette er i tråd med fylkesplanmeldinga, som meiner ein bør satse sterkare på arbeidsplassar som krev høgare utdanning.

Opprette prosjektstilling

Målet er å skape eit forum/arena mellom dei ulike aktørane, og dermed kople dei ulike kompetansemiljøa saman. Heilt konkret blir det vurdert å lage eit samarbeidsprosjekt mellom dei største aktørane der alle er med å finansiere ei prosjektstilling frå våren 2012.
 

Les meir på heimesida til fylkeskommunen.
 

  • Abelia-topp imponert over Nordfjord
    Abelia-topp imponert over Nordfjord

    - Samspel og attraktivitet er viktige nøkkelord for å skape innovative bedrifter, sa Paul Chaffey då han besøkte fylket.

  • Studerer miljøet på Campus
    Studerer miljøet på Campus

    Korleis kan ein skape meir vekst i fylket og få fleire kunnskapsplassar?

  • Film om Stad skipstunnel

    Nordwest 3D i Måløy er eit firma ein skal vere obs på. Dei er flinke med ulike presentasjonar, som denne ferske frå Stad skipstunnel.

  • Snøleik frå fylket i USA Today
    Snøleik frå fylket i USA Today

    Transplant-gjengen har heile verda som arbeidsplass, og får overskrifter i amerikanske medier.

  • Sindre Kvalheim vart årets gründer
    Sindre Kvalheim vart årets gründer

    - Det å vere gründer i Sogn og Fjordane er heilt fantastisk, kvitterte prisvinnaren då han fekk prisen under fylkestinget tysdag 14.desember.

    1 | 2     Neste »
Viser fra 1 til 5 av totalt 7 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by