DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Spekkhoggaren Willy var utgangspunktet for utforminga av ein ny møbelserie for maritime miljø laga ved Florø-bedrifta Vestnes Innredning. Designet er laga av Ralston og Bau i Dale.
Brukarvennleg design
Dagleg leiar, Johnny Bjørnseth, seier til NRK Sogn og Fjordane at dei har lagt vekt på at innreiinga i lugarar og opphaldsrom skal vere vennleg for brukarane. Resultatet er sengar med slingrekantar, mjuke dører og avrunda former ved golvet.
Rosar designarane
- Satsinga på designet har vore vellukka, seier Bjørnseth og rosar designmiljøet på Transplant i Dale for jobben. Bedrifta skal no levere 6 båtar med Willy-innreiinga til bruk på hav over heile verda. Fargane er ulike, men felles er at dei er avstemt og tilpassa brukarane. Sjøfolk frå Filipinane vil t.d. ha sterke fargar. Europearane vil ha meir dempa fargar.
Sterkt designmiljø i fylket
Klaus Gladyszak er regional designrådgjevar i Innovasjon Norge for dei to fylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han er glad for at det er i ferd med å etablere seg eit sterkt designermiljø i Sogn og Fjordane. - Det er ein breidde her i fylket som er svært gledeleg, seier Gladyszak.
Design er ikkje kakepynt
- God design er eit viktig verkemiddel næringslivet bør vere oppteken av, seier Klaus. Han gler seg over at fleire og fleire skjønar at design ikkje er noko "kakepynt" som ein slenger på til slutt. - Dette er Vestnes Innredning eit godt døme på. Dei har klart å få fram noko særprega og unikt i ein tøff marknad, seier Gladyszak.
Innovasjon Norge bidreg til finansiering og rådgjeving i bedriftene sine prosjekt. Gladyszak kan treffast på tlf. 57 82 57 63 og
91 16 48 85.
Les meir om Vestnes Innredning
Det meste peikar oppover for næringslivet i Sogn og Fjordane og Hordaland. Les det 18 sider store dokumentet som skildrar næringslivet i dei to fylka.
”Er det plass for et slikt mangfold i det norske bygde-regelverket, eller må vi til slutt gjøre et valg?”
Lapoint Surfcamp starta sesongen med fullt hus i påska 2010. Dei utviklar bedrifta med nye aktivitetar.
Apple. Stanford. Las Vegas. IT-forum i Sogn og Fjordane valde å legge årets studietur til San Francisco og Las Vegas. 16 deltakarar frå styresmakter, bedrifter og offentlege verksemder i fylket fekk ny kunnskap om korleis drive på ein betre måte.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |