DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Løyvinga skal hjelpe kommunane til å vere gode støttespelarar for etablerarar og lokalt næringsliv
Fleire nyetableringar
Fylkeskommunen si løyving til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane har auka med nesten 4 mill. kr. frå 2008 til 2009. Midlane skal vere med på å legge til rette for fleire næringsetableringar i kommunane.
Av løyvinga på 12,4 mill. kr. går 11,65 mill. kr. til påfylling av kommunale næringsfond, 500 000 kr. til felles etableraropplæring og 250 000 til tilskot til felles tiltaksapparat.
Fordeling 2009:
Avgjerande å møte etablerarar på ein god måte
Mindre bedrifter og personar som ikkje har eit kundeforhold til Innovasjon Norge bør som hovudregel ha førstekontakten mot kommunen. Det er svært viktig at kommunen møter etablerarar på ein god måte.
Kommunane som får midlar til kommunale næringsfond må difor møte nokre krav for eit tilfredstillande næringsarbeid. Kommunane må mellom anna ha eit tiltaksapparat som møter etableraren på ein god måte, og ein oppdatert strategi for næringsutvikling.
.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |