DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Den nasjonale prisen Årets kvinnelege gründer blir delt ut 8. mars i Oslo. To gründerar i Sogn og Fjordane hevda seg blant kandidatane til kvinneprisen. Diverre kom ingen av dei to blant dei 6 nominerte – men Aud Melås var blant dei ti beste kandidatane i landet, og også Lindis Alme kom høgt opp på lista.

Aud Melås
Aud Melås – Tok over drifta av Furukroa og Flåm Turistsenter AS i 2004 og har sidan då investert i nye Flåmsbrygga Hotell og Ægir Bryggeri.
Aud Melås har bak seg ein imponerande karriere innan amerikansk bank- og finansmiljø. Ho har òg vore sentral i oppbygginga av eit av verdas største auksjonsselskap for anleggsmaskiner på internett, Ironplanet.com, og har hatt mange styreverv både i USA og Noreg.
I løpet av dei fem åra Melås har vore ansvarleg for drifta av Flåm Turistsenter har verksemda meir enn dobla både talet på tilsette og omsetjing.

Lindis Alme
Lindis Alme har - med utgangspunkt i eit nedlagt gardsbruk utan veg, vatn eller kloakk - bygd opp eit unikt reiselivsprodukt.
Bestebakken har 15 rom, restaurant basert på lokale råstoff og gode historiar rundt matserveringa, med gjennomgåande høg kvalitet på overnatting, matservering og aktivitetar.
Lindis Alme er òg i ferd med å byggje opp konseptet Naturally Norwegian Skincare som baserar seg på 11 000 år gammal leire frå Jostedalsbreen. Hudpleieserien vert no lansert internasjonalt og skal vere økologisk og parabenfri i tråd med helseprofilen på Bestebakken.
Lindis Alme er ein typisk gründer som har evna til å gjennomføre prosjekt ho set i gang, ser potensial i menneska rundt seg og har god evne til å byggje nettverk.
Millionpris
Finalisten vert offentleggjort i Oslo på kvinnedagen 8. mars. Vinnaren av prisen tek i tillegg med seg premien på 1 000 000 norske kroner heim til verksemda si.
Les om fjorårets vinnar, Gro Cecilie Sydvangen i Metizoft i Herøy.
Sommartid betyr ofte tid for fakturasvindel og katalogforvirring. Les korleis du unngår å gå i fella.
Innovasjon Norge tilbyr mange ulike typar kurs, både når det gjeld innhald og lengde.
Værlandet Båt satsar friskt på ulike tilbod til båtfolk og fuglekikkarar. Dei skal no byggje ny kro, servicebygg og nasjonalt fuglesenter.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Anne-Mette Hjelle design by |