DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

- Det er viktig å "gutse"!
- Det er viktig å "gutse"!

- Vi må fjerne oss frå det A4. Det er berre "daud fisk" som følgjer straumen. Det var bodskapen til Mariann Thomassen i Surferosa under Jentetreff-turnéen til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Mariann Thomassen inspirerte jenter i alle aldre under Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Jentetreff i Førde. Foto: Reiel Haugland

Kvinner i Sogndal, Førde, Florø, Måløy og Nordfjordeid fekk i løpet av ei veke høyre Mariann snakke om mot til å kaste seg ut på djupt vatn og satse. Ho blei introdusert som den "rosa rebellen frå Stryn".

Kjeda seg som ung

Mariann er eit levande eksempel på viljen til å "gutse". Som ung kjeda ho seg i Stryn, der dei fleste spelte handball og fotball. Ho var glad i musikk og einaste alternativa var kor og pianoundervisning.

Rock

Det var først etter å ha hørt Curt Cobain og Nirvana ho blei fanga av rock. Ho kom heim og starta  Stryn musikkverkstad i Stryn. Ho var med i grupper som deltok i Ungdommens Kulturmønstring, der dei til slutt vann heile landsfinalen. Etter det vart det Bø, Oslo, Stockholm, Oslo, London, Tyskland, USA, Canada og Kina.

Grublar for lenge

- Mange jenter grublar for lenge. Det blir med praten. Så er vi så teite at vi spør andre om råd og dei seier stort sett alltid nei. tenk på deg sjølv. Ta utfordringane. Det er ikkje så lenge vi er på denne planeten, sa Mariann til eit fascinert publikum av damer i salen.

Treng fleire jenter

Rockeartisten frå Stryn har stort sett hengt saman med gutar/menn og følte seg ofte åleine som rockeinteressert jente frå bygda. Ho har lyst å sjå fleire jenter på dei ulike arenaene.

- Eg saknar dokke. Det er einsamt der ute, sa ho og la ikkje skjul på at 9 års hardt arbeid også har kosta. Ho har tenkt meir og meir på å flytte heim til Sogn og Fjordane.

Musikkrektor?

- Men då må eg starte med noko som verkeleg inspirerer meg, kanskje rektor fpå ein kulturskule? Eg elskar å jobbe med barn og unge. Det er viktig å inspirere "kidsa" våre! seier Mariann Thomassen undervegs på Jentetreff-turnéen i Sogn og Fjordane.

Meir om Mariann på MySpace

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Sogningar vann Reodorprisen
    Sogningar vann Reodorprisen

    Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.

  • Vinn sogningar Skaperkraft 2011?
    Vinn sogningar Skaperkraft 2011?

    Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.

  • Støtte til nye og gamle entreprenørar
    Støtte til nye og gamle entreprenørar

    Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.

  • Støtte til tidlegfase

    Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 131 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by