DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Avtalen er inngått i samarbeid med Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) si avdeling for internasjonal handel. Farmhouse skal utvikle undervisningsmodular til HSH sitt nystarta prosjekt for kompetanseoverføring til aust-afrikanske kvinnelege gründarar.
Eksporthus i Kenya
Felles for bedriftsetablerarane i Aust-Afrika er målet om å ta sine forretningsidear, som er forankra i lokale tradisjonar og råvarer, ut i den internasjonale marknaden. HSH sitt prosjekt skal bidra til å opne vegen for gründarane mot den skandinaviske marknaden og etableringa av eit eksporthus i Kenya.
Moods-historia
Med Farmhouse i spissen, har eit breidt kompetansemiljø i Stryn teke utfordringa. Til saman skal 7 personar frå Farmhouse, CSR Management og Stryn Næringshage gå i gang med å lære bedriftsetablerarane om vegen frå idé til marknad - alt med utgangspunkt i suksesshistoria bak Moods of Norway.
Prestisjeoppdrag
- Dette er heilt klart eit prestisjeoppdrag for Farmhouse som viser at vi er konkurransedyktige på større og meir samansette prosjekt innanfor merkevarebygging, seier dagleg leiar Gro Flølo.
Første undervisningsmodul startar opp like etter påske, 15.-17. april.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |