DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Folkemusikar Synnøve Bjørset frå Jølster fortel om musikarar som har gått saman og skapt eit nytt selskap; Solid Musikk. Bookingselskapet skal sørge for at dei får oppdrag, forhandle og ordne med alt det praktiske utanfor sjølve opptreden.
Samarbeid styrkar
Tidlegare kollegaer, samarbeidspartnarar og av til konkurrentar går no saman for å gjere arbeidsdagen meir ryddig, effektiv – og lønsam. Dette kan vere eit godt tips til andre yrkesgrupper som fyller alle oppgåvene sjølv.
Folkemusikk ut i verda
- Det er viktig å sjå mulegheiter, i staden for avgrensingar, seier Bjørset og ser vidare enn fylket og landet. – Får vi ein halv prosent av det franske publikum, vil det vere eit stort løft, seier ho i eit intverju med NRK Sogn og Fjordane.
Ettertrakta selskap
- Det er ingen tvil om at landet treng organisasjon som Solid. Vi er blitt nedringt av artistar som vil vere med. Det er fleire slike selskap i landet, men vi er eit av dei første som fokuserer på den akustiske folkemusikken, seier ho og ønskjer konkurrerande selskap velkomen.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |