DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

- Full speed for innovasjon i Høyanger!
- Full speed for innovasjon i Høyanger!

- Høyanger må vere den beste kommunen å etablere seg i. Lovorda kjem frå Frode Steen i Tracksa AS. Han etablerte seg for fem år sidan og er ein del av "Det nye Høyanger".

- Kva som gjer Høyanger til den beste kommunen å etablere seg i? Jo, tiltaksapparatet følgjer deg opp så tett at du ikkje får tid til å kvile. Dei ringer ein gong i veka for å spørje om det er noko dei kan gjere for å hjelpe oss. Det seier Frode Steen, som ikkje kan rose kommunen nok for all hjelp og støtte.

Engasjement

Det hjelper at Høyanger Næringsutvikling har omstillingsmidlar å rutte med, men Steen meiner dei er best fordi dei har personar som er veldig engasjerte på vegne av etablerarane.

- Måten dei har møtt oss på står det respekt av. Dei formidlar nyttige kontaktar og sørger for at du treff dei rette folka rundt omkring. Kommunen har landets beste næringsjef!  Utan Høyanger og Innovasjon Norge hadde ikkje Tracksa blitt det det er blitt i dag, seier Steen, som er ein av ni tilsette i bedrifta som i år budsjettererer med ei omsetning på rundt 6-7 millionar kroner. Målet er 15-20 millionar om 3-5 år.

Tracksa

Tracksa er den einaste leverandøren i verda av trådlause lysvarslings-system til motorsport.  Målet er å vere best og utfordringane framover er difor mange. Mellom anna må dei bygge organisasjonen til å takle vekst, halde potensielle konkurrentar bak seg, sikre god finansiering og takla at verda er stor. - Med den hjelpa vi får i Høyanger har vi tru på at vi skal klare det, avsluttar Frode Steen.

"Det nye Høyanger"

Næringssjef i Høyanger, Petter Sortland, har dystre arbeidsløysetal å kjempe mot. No er den på 9,1 prosent, noko som er nest høgast i landet etter Kautokeino. Fundo gjekk over ende og fleire av dei lokale aktørane har store utfordringar. No fokuserer dei på "Det nye Høyanger".

Nyskapande

- Vi må støtte dei andre bedriftene som er i utvikling og har i dag ein portefølje på 10 bedrifter som vi følgjer tett opp. Felles for desse er at dei er nyskapande og innovative med framtida foran seg. Vi har brent oss på å vere for einsidige og satsar difor sterkt på å tenkje framtidsretta, seier Sortland. 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Sogningar vann Reodorprisen
    Sogningar vann Reodorprisen

    Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.

  • Vinn sogningar Skaperkraft 2011?
    Vinn sogningar Skaperkraft 2011?

    Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.

  • Støtte til nye og gamle entreprenørar
    Støtte til nye og gamle entreprenørar

    Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.

  • Støtte til tidlegfase

    Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 131 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by